Hopp til innhold

Startar skule for personar med demens

Desse pensjonistane har mykje erfaring som andre kan dra nytte av. Derfor vil dei no starte ein eigen skule for personar med demens.

Pensjonistar med fleire års erfaring innanfor norsk helsevesen, vil bruke fritida si på å hjelpe personar med demens.

Pensjonistar med fleire års erfaring innanfor norsk helsevesen, vil bruke fritida si på å hjelpe personar med demens.

Arbeidslivet er over, men saman sit dei att med fleire års erfaring frå norsk helsevesen. Pensjonistane skal no hjelpe personar med demens til å få kontroll over sitt eige liv.

– Det er dette som er det mest interessante eg kan tenkje meg, seier Målfrid Madland Aanderaa.

Unik satsing

Ingelin Testad

Prosjektleiar ved Stavanger universitetssjukehus, Ingelin Testad.

Foto: Eirik Gjesdal

No er planen å starte opp ein skule. Saman vil pensjonistane samle personar med demens i grupper på 12. Undervisinga vil gå føre seg på Stavanger universitetssjukehus.

– Dette er ganske unikt. Eg veit at det har vore støttegrupper før, men ikkje noko som dette, seier prosjektleiar ved Stavanger universitetssjukehus, Ingelin Testad.

Sjå også:

Testad fortel at det ofte er det pårørande som sit med den største kunnskapen om sjukdomen. No ynskjer pensjonistane at personane det gjeld skal få breiare innsikt i kva som må til for å meistre eit liv med demens.

(Artikkelen fortset under biletet)

Målfrid Meling

Målfrid Meling er ei av fleire som ynskjer å bruke tida på å hjelpe personar med demens. Ulike farar i heimen er blant anna noko av det den nye skulen vil ta for seg.

Foto: Eirik Gjesdal

Høg alder er berre eit pluss

Sjølv om dei alle er pensjonistar, så trur dei ikkje alderen vil ha noko å seie.

– Eg skal gjere det eg kan. Bruke min tidlegare kunnskap, samt alt det andre eg har fått med meg gjennom arbeidslivet. Eg ser fram til dette, og eg veit at dette vert bra, seier Aanderaa.

– Dersom dette gjev oss gode resultat, så er draumen at dette vil nå ut til heile landet. Så kan ein slik skule vere ei hjelp til alle med demens, seier Testad.