Stavanger kommune er i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Underskotet i fjor var på drygt 100 millionar kroner, og i vår fekk kommunen ein momsrekning på 256 millionar kroner etter bygginga av det nye konserthuset.
Nå viser skattetala for dei fire første månadane i 2015 ein skattesvikt på 80,9 millionar kroner i forhold til kva som blei budsjettert med.
– Dette betyr ein betydeleg omstilling for kommunen, seier økonomidirektør Kristine C. Hernes til NRK.
Skatteinngangen i første tertial (første fire månader) er i underkant av 1,5 milliardar kroner i Stavanger, noko som er ein auke på 0,3 prosent samanlikna med same periode i fjor.
Skatteinngangen er den viktigaste inntektskjelda til kommunen og blir rapportert månadleg til formannskapet.
Tysdag blei skattetala gjort kjent for arbeidsutvalet i Stavanger, og torsdag blir dei lagt fram for formannskapet.
12. mai kom revidert nasjonalbudsjett frå regjeringa. Der fekk kommunane ein milliard ekstra, Stavanger fekk 33 millionar. Desse prognosane kjem med i rådmannen sin rapportering for dei fire første månadane.
Ifølge økonomidirektør Hernes er det per i dag umogleg å svara på kva skattetala vil visa resten av året.
Stavanger kommune sitt totalbudsjett er på ni milliardar kroner.