Hopp til innhold

Skal forska på tørre og fuktige husbrannar

På Høgskulen Stord/Haugesund skal det forskast på brannutvikling i tørt tre kontra fuktig tre.

Brann i Lærdal

KATASTROFEBRANNEN: Storbrannen i Lærdal i 2014 var eit resultat av veldig tørt vêr over tid og mykje vind på den skjebnesvangre kvelden.

Foto: Jan Erikstad

Anders Hole

BRANNSTUDENT: Anders Hole.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

Vêrfenomenet som førte til at storbrannen i Lærdal i fjor utvikla seg så raskt, skal undersøkast ved Høgskulen Stord/Haugesund. Studentane Anders Hole og Håkon Olaisen skal i si bacheloroppgåve samanlikna brannutviklinga i tørt tre kontra fuktig tre.

– Det er for å sjå på kor mykje fukt i treverket har å seia for kor raskt brannen utviklar seg. Resultata kan brukast i samband med blant anna utrykkingstid for brannvesenet og slike ting, seier student Anders Hole.

Brannforsking på Høgskulen Stord/Haugesund

16 SLIKE SMÅ HUS: ...skal tennast på i forskingsarbeidet.

Skal brenna 16 hus

I brannlaboratoriet på Høgskulebygget i Haugesund har rettleiar Arjen Kraaijeveld saman med branningeniørstudentane Håkon Olaisen og Anders Hole denne veka starta dei første forsøka. 16 miniatyrhus med ulik fukt skal brennast.

– Me skal brenna husa eitt etter eitt og sjå på branngangen. Når bygget er tørrare, vil det brenna raskare. Men kor mykje raskare? Det er spørsmålet, seier Kraaijeveld.

Fire gonger raskare

Arjen Kraaijeveld

RETTLEIAR: Arjen Kraaijeveld.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

– Om me finn ut av dette kan me eventuelt setja inn tiltak om materiala i eit bygg blir veldig tørt, seier Kraaijeveld.

– Kva er ditt anslag?

– Tja, at det brenn fire gonger raskare i eit tørt bygg enn eit fuktig. Små årsaker kan gi store konsekvensar, seier han.

Vind og tørke var avgjerande i storbrannen

NRK fortalde tidlegare denne veka om professor Torgrim Log ved Høgskulen Stord/Haugesund si forsking på vêrfenomenet som førte til at husa i Lærdal tørka ut både innvendig og utvendig. Dette førte til at husa raskt vart overtende og at brannen spreidde seg kjapt til nabohus.

Denne oppfinninga kan hindre storbrannar

VARSLAR: Denne oppfinninga kan hindre storbrannar. Den fungerer slik at treklossen blir løfta opp når den blir tørr.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

– Me kan finna tidspunktet for kor tid det tek fyr i materialet. Så måler me kor raskt brannen spreiar seg og kor raskt temperaturen stig. Til slutt får me noko me kallar for overtenning, det vil seia at flammane kjem ut av døropninga. Kor tid det skjer blir også målt, held rettleiaren fram.

Studentane skal bruka det neste året på å undersøkja fenomenet og skriva bacheloroppgåve om resultata.