Hopp til innhold

Sjå kva dykkarane fann i Vågen

Flasker, telefonar, bankkort, syklar – ja til og med norske flag. Sjå kva dykkarane fann på havbotnen i Vågen i Stavanger.

Jæren Dykkersenter med ryddeaksjon i Vågen i Stavanger.

VIDEO: Sjå video frå ryddeaksjonen til Jæren Dykkersenter i Vågen i Stavanger. Foto/redigering: Arild Eskeland.

Laurdag føremiddag tok mellom 40 og 50 dykkarar på seg våtdrakt og dykkarmaske i Vågen i Stavanger.

Målet var å dokumentera kva folk kastar frå seg på sjøen, og på den måten hjelpa folk til å respektera naturen.

– Det er utruleg kor store mengder «rape» folk klarer å kasta. Me finn alt mogleg, seier Bjørn Magne Fiksdal ved Jæren Dykkersenter.

Kastar ting frå båtane

Bjørn Magne Fiksdal

Bjørn Magne Fiksdal.

Foto: Arild Eskeland

Han ramsar opp i fleng det folk kastar frå seg på havets djup: Glas, flasker, mobiltelefonar, minibankkort, handlevogner.

– Me veit at det er mykje og me plukkar opp søppel kvart år. Dette er ting folk kastar frå seg, blant anna frå båtane i Vågen om sommaren.

Aksjon verda over

Dykkeaksjonen blir gjort i samarbeid med tusenvis av dykkarar – verda over. Forrige helg deltok 50 dykkarar i ein søppeldugnad i Smedasundet i Haugesund.

– Me gjennomfører aksjonen for å få opp ting frå hamna og visa folk at det dei kastar faktisk kjem opp igjen. Kanskje tenkjer folk seg litt betre om neste gong, seier Fiksdal.

Ikkje siste gong

Ein av dei som var med på aksjonen i Vågen i dag var Helge Andreassen.

– Det er artig å vera med på heile opplegget, og det er kjekt at nokon tar initiativ til å rydda. Det blir nok ikkje siste gong eg er med, seier han.

Sjå bilete av kva folk har kasta i Vågen: