Hopp til innhold

Få med deg heile opninga av Stavanger konserthus

Laurdag opna Stavanger konserthus. Her kan du sjå alle artistane som spelte under opningskonserten. Frå LidoLido til Hélène Grimaud.

Konserthusopninga i Stavanger

Janove Ottesen, Eivind Holtsmark Ringstad, Steven Sloan, Hélène Grimaud og LidoLido opptredde alle under opninga av Stavanger konserthus.

Foto: NRK

Først ut under opninga av Stavanger konserthus var bestillingsverket «Runddans» frå Kyrre Sassebo Haaland.

Urframføringa var det Stavanger symfoniorkester og dirigent Steven Sloan, som stod for.

Frå opningskonserten i Stavanger konserthus 15. september 2012.

►Sjå stykket her.

Namnefaren sine tonar

Etter «Runddans» var det klar for Fartein Valen.

Dette er Stavanger-komponisten som har gitt namn til salen i det nye konserthuset, og for første gong blei salen fylt med tonane frå Valen sitt stykke «La Isla de las calmas».

Frå opningskonserten i Stavanger konserthus 15. september 2012.

►Sjå stykket her.

Ottesen med symfoniorkester

Så var det nok eit bestillingsverk. Denne gong frå frontfigur i Kaizers Orchestra, Janove Ottesen.

Ottesen har skrive stykket «Do you love me?» til opninga, sjølv spelar han piano, medan Camilla Myrås syng.

Frå opningskonserten i Stavanger konserthus 15. september 2012.

►Sjå stykket her.

Edvard Grieg

Etter Ottesen forlét Stavanger symfoniorkester framførde dei «Preludium fra Holdbergsuiten, op 40» av sjølvaste Edvard Grieg.

Dirigert av Steven Sloan.

Frå opningskonserten i Stavanger konserthus 15. september 2012.

►Sjå stykket her.

Offisiell opning

Det var ingen ringare enn H.K.H. Kronprins Haakon som stod for den offisielle opninga av Stavanger konserthus.

Her kan du sjå heile opningstalen frå ein begeistra kronprins.

Frå opningskonserten i Stavanger konserthus 15. september 2012.

►Sjå den offisielle opninga her.

Den store stjerna

Til å avslutta første akt var det duka for kveldens store stjerne, Hélène Grimaud.

Den franske kvinna byrja ved konservatoriet i Paris allereie som 13-åring. Ho har gjort nærmare 20 plateinnspelingar, og spelt solo med verdsleiande orkester, som The New York Philharmonic, Berliner Philharmonie og det russiske nasjonalorkesteret.

Laurdag innvia ho flygelet i det nye konserthuset med Maurice Ravel sin «Klaverkonsert i G-dur».

Frå opningskonserten i Stavanger konserthus 15. september 2012.

►Sjå stykket her.

Del 2

Andre del av opningskonserten byrja med to nummer av Stavanger symfoniorkester med Steven Sloan.

Først Heinrich Biber sin «Battalia i G-dur», deretter Antonio Vivaldi sin «Konsert nr. 4 i F-dur, Op 8 «Vinter» 2. sats».

Frå opningskonserten i Stavanger konserthus 15. september 2012.

►Sjå stykket her.

LidoLido

Rapparen, komponisten og produsenten Peder «LidoLido» Losnegår frå Tysvær fekk ei heilt ny oppleving laurdag.

Vanlegvis opptrer han på heilt andre konsertscenar, men nå tok han popmusikken sin med inn i Fartein Valen-salen.

Saman med Stavanger symfoniorkester, framførde han songen sin «Turn up your life», med eit spektakulært danseshow i bakgrunnen.

Frå opningskonserten i Stavanger konserthus 15. september 2012.

►Sjå stykket her.

18 år gamalt talent

Den første nordmannen som har gått heilt til topps i den europeiske musikkonkurransen Eurovision Young Musicians heiter Eivind Holtsmark Ringstad og er berre 18 år.

Han var sjølvsagt på plass under opninga av konserthuset i Stavanger.

Her spelte han Béla Bartók sin «Bratsjkonsert op BB128, 2. og 3. sats», saman med Stavanger symfoniorkester og Steven Sloan.

Frå opningskonserten i Stavanger konserthus 15. september 2012.

►Sjå stykket her.

Gåve frå symfoniorkesteret

Til slutt kom gåvepakka frå Stavanger symfoniorkester. Igor «Stravinskijs Ildfuglen».

Frå opningskonserten i Stavanger konserthus 15. september 2012.

►Sjå stykket her.