Det var Haugesunds avis som først skreiv om samfunnsstraffa Mørch er dømd til. Bakgrunnen er at han og ein kjenning byrja å krangla etter eit bilsal i juli.
Høyr Lokalen-intervjuet med «Sildakongen» her
– Eg vart så sint at sa eg skulle harpunera han. Det er jo kulturbetinga. Ein Apache-indianar ville sagt at han skal bruka tomahawken på han, eg sa eg skulle harpunera han. Det var det mest dramatiske eg kunne finna på, då eg er oppvaksen på sild og kvalkjøt, seier han.
For dette vart han dømd til 30 timars samfunnsstraff.
– Eg drøymde jo aldri om at det var ulovleg det eg hadde gjort, og tenkte det var "freedom of speech". Men dei dømde meg på mildaste vis, og det er heilt greitt for meg. Eg har godt av å utføra litt samfunnsstraff.
Straffa vil han bruka på å hjelpa dei eldre.
– Eg får gjera det beste ut av det. Eg har sagt til dommaren at eg vil ta straffa på ein gamleheim, slik at eg kan trilla dei gamle ut i frisk luft.