– Eg veit at politiet vurderer å utvida siktinga frå forsettleg til overlagt drap, seier den sikta sin forsvarar, Ørjan Eskeland til NRK.
– Men med dei dokumenta eg har, så meiner eg at det ikkje er grunn til utviding av siktinga, held Eskeland fram.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Den 34 år gamle mannen er no sikta for forsettleg drap for å ha drepe kona si, den 36 år gamle Agnes Elisabeth Müller. Onsdag innrømde han drapet i politiavhøyr, etter at han tysdag vart gjort kjend med at politiet hadde funne det dei trudde var eit lik på botnen av Lysefjorden. I dag vart det stadfesta at det var den 36 år gamle kvinna som vart funne.
Liket av Müller var senka til botnet av Lysefjorden ved hjelp av eit tungt stålrøyr.
- LES OGSÅ:
Strafferamma for forsettleg drap er minst seks år i fengsel, dersom han blir funnen skuldig. Men om han blir funnen skuldig i overlagt drap, kan han bli dømd til 21 år i fengsel.
– Me kan ikkje utelukka at siktinga blir utvida, seier Kristin Nord-Varhaug, politiinspektør i Rogaland politidistrikt.