Hopp til innhold

Demens-teater bidreg til openheit om demens

Demens ser ut til å prega kunståret 2015. Både film, litteratur og teater syner historiar om sjukdomen, som råkar over 70.000 nordmenn.

«JEG HETER BENTE»: Skodespelet «Jeg heter Bente» blir sett opp på Rogaland Teater og Det Norske Teatret i Oslo denne hausten.

I stykket «Jeg heter Bente», som har premiere ved Rogaland Teater neste helg, spelar Mette Arnstad ein suksessrik journalist som får sjukdomen Alzheimer i ein alder av 57 år.

– Det er så mange menneske som får det, og alle familiar kjenner nokon som har det. Det er noko med å gi dette stoffet verdigheit, seier skodespelaren.

– Treng å snakka om sjukdomen

– Det er vår oppgåve å løfta det til eit kunstuttrykk som røyrer ved både hjarte og tanke, at det ikkje berre blir eit debattinnlegg, seier Arnstad.

Skuespiller Mette Arnstad og regissør Svein Harry Schöttker Hauge

Skodespelar Mette Arnstad og regissør Svein Harry Schöttker Hauge

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

Det er venninnene som er dei næraste pårørande i det danske stykket, som også blir sett opp på Det Norske Teatret i Oslo i haust. Det er generalsekretær i Nasjonalforeningen for folkehelsen, Lisbet Rugtvedt, svært glad for.

– Demens er ein sjukdom som ikkje berre råkar dei som sjølv blir sjuke, men også familie og vener. Det er ein sjukdom me treng å snakka meir om, og då trur eg kultur kan bidra til at me snakkar om noko mange tykkjer er ein vanskeleg sjukdom, seier Rugtvedt.

Dobbelt så mange i 2040

Minst 70.000 nordmenn lid av Alzheimers eller ein annan demenssjukdom, ifølgje det lågaste anslaget. Rundt 300.000 er pårørande, og innan 2040 vil talet truleg vera dobla.

Utviklinga merkar me for alvor, også i kunsten. Tidlegare i år så spelte Julianne Moore ein Alzheimer-råka lingvistikkprofessor i kinofilmen «Still Alice». I 2013 kom den franske suksessfilmen «Amour» om eit aldersdement ektepar. Samstundes er ein av årets mestseljande bøker, den britiske krimromanen «Elizabeth er borte», om ei dement kvinne som leitar etter ei sakna venninne.

Generalsekretær Lisbet Rugtvedt i Nasjonalforeningen for folkehelsen

GLAD FOR OMTALEN: Generalsekretær Lisbet Rugtvedt i Nasjonalforeningen for folkehelsen

Foto: Maria Kommandantvold / NRK

– Gjennom teater og bøker kan ein få fram desse perspektiva med at sjølv om ein er råka av ein slik sjukdom, så er livet mykje meir enn berre sjukdomen, seier Lisbet Rugtvedt.

Ho kan berre spekulera i kvifor dette demensfokuset kjem akkurat no.

– I veldig mange land er demens og Alzheimers eit aukande problem, fordi levealderen aukar. Politisk er det sett mykje sterkare på dagsordenen, seier ho.

I tillegg til dette stykket i Oslo og Stavanger, har Oslo Nye Trikkestallen europapremiere på stykket «Fravær», om ei aldrande kvinne med demens, og på Nationaltheatret skal Thea Stabell ha ein monolog med utgangspunkt i saka der ei kvinne med Alzheimer fraus i hel utanfor leilegheita si i Oslo.