Det finst ikkje nokon oversikt over kor mange lærarar det blir behov for i Rogaland og kor stor tilgangen er på opplæringsressursar, men det hastar med å få i gang konkrete tiltak, ifølge utdanningsdirektør hos Fylkesmannen i Rogaland, Sølvi Ona Gjul.
– Eg trur nok me må bruka både pensjonerte lærarar, folk i flyktninggruppene og kanskje også lærarstudentar. Her må me faktisk vurdera alle moglege tilgangar på kompetanse, seier Ona Gjul.
Utdanningsdirektøren seier det er viktig å ha både lærarkrefter med fleirspråkleg kompetanse og pedagogisk kompetanse for dei yngste som nå kjem til landet.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
6600 har krav på skulegang
Ifølge statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet har om lag 6600 asylsøkarar krav på skulegang i landet.
– Ikkje alle har fått dette umiddelbart fordi trykket har vore så stort, men dei har krav på det. Me jobbar nå med å finna gode løysingar for dette.
Statssekretæren fortel at kommunane har ansvar for skulegang når barna kjem til dei permanente asylmottaka, men at dei treng hjelp med å få oversikt og i nokre tilfelle også hjelp med lærarkrefter.
– Me ser på sjansane for ein såkalla lærarpool, altså at ein kan ta i bruk pensjonerte lærarar eller andre som tidlegare har vore i skulen. Uansett er det ingen tvil om at utdanningssystemet blir sett på ein betydeleg prøve for å ta hand om det trykket som nå kjem.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Etterutdanning til lærarar
I tillegg til nok lærarar, må lærarane ha den rette kompetansen, understrekar utdanningsdirektør Ona Gjul.
– Eit vesentleg tiltak vil vera å sikra eit konsentrert etterutdanningstilbod til lærarar, spesielt i språkopplæring. Eg veit at nokre fylkesmenn arbeider med å gi innspel om dette.