Hopp til innhold

Lyse satsar på supernett

Om ikkje lenge kan breibandskundar i Rogaland få opp til 40 gongar raskare nett. – Me tilbyr framtida, seier Lyse. – Bortkasta, er svaret frå Get.

Stian Røisland på Lyse kundesenter

VIL TILBY KUNDANE «UAVGRENSA» KAPASITET: Stian Røisland i Lyse Fiber vil at kundane hans skal få oppleva framtidas internett.

Foto: Mari Friestad / NRK

I løpet av neste år skal Lyse tilby eit høghastigheitsbreiband som er 40 gongar raskare enn dei fleste har i dag, som dei første i landet. Dei satsar no for fullt på framtidas fiberbreiband, og har lyst å tilby internett i verdstoppen når det gjeld hastigheit.

– Ingen avgrensingar

Stian Røisland

HØGHASTIGHEIT TIL FOLKET: Stian Røisland og Lyse vil gi kundane sine 40 gongar raskare nett enn det dei fleste har i dag.

Foto: Mari Friestad / NRK

– Me tek rett og slett Rogaland sine innbyggjarar til neste generasjons internett. Eg vil nesten seia uavgrensa kapasitet, det er berre Google som har gjort noko tilsvarande så vidt meg bekjent, og det gjer me også i Lyse no, seier administrerande direktør i Lyse Fiber, Stian Røisland.

Rogaland er i front på breibandshastigheit her i landet. I snitt i Norge kan rundt 25 prosent skaffa seg den høgaste hastigheita – i Rogaland er talet 70 prosent. Men Røisland er ikkje mett.

– Berre dei siste tre månadane har våre 330 000 kundar brukt 50 prosent meir nettkapasitet enn tidlegare. Netflix har hatt ein påverknad, og under OL brukte folk dei mobile kanalane sine mykje. Det er bakgrunnen for at me oppgraderer, slik at det ikkje skal vera avgrensingar for folk, seier han.

Netflix tilbyr blant anna andre sesong av serien House of Cards i 4K-oppløysing (NB! Ekstern lenke), ei oppløysing som er om lag fire gongar så høg som HD. Då trengst det kraft i datakablane for å sjå det saumlaust.

– Kunden har ikkje behov for dette

Også konkurrenten Get vil oppgradera sin hastigheit på breiband betydeleg i løpet av det neste året, men ikkje i same skala som Lyse. Regionsleder Arve Myrland seier dei førebels er litt på vent.

Arve Myrland

FOR TIDLEG: Det meiner Arve Myrland, regionssjef i Get.

Foto: Mari Friestad / NRK

– Me ventar på ny teknologi. Dei store selskapa som driv med fiber, jobbar med utvikling no. Me ventar og ser inntil den nye teknologien, som gjer at me kan levera høgare hastigheit, kjem på marknaden, seier han.

– Dykk hamnar ikkje litt bakpå no?

– Nei, eg føler overhovudet ikkje det!

Han meiner nemleg at eit breiband som går 40 gonger raskare enn hjå dei fleste i dag – ikkje er naudsynt – endå:

– Det er ikkje behov for dette i dagens marknad. Me har testa ut det same, så i framtida vil me òg kunne levere dette. Men dette er skapt fordi nokon har sagt at det er trendy, men er noko kunden ikkje har behov for – noko dei eigentleg ikkje klarar å forholda seg til. Folk tenkjer kanskje at dette vil bli litt kult, men dei har ikkje tatt inn over seg at dette sjølvsagt vil ha ei prisauke, seier Myrland.

Avviser prisauke

– Kan prisen gå opp?

– Nei, eg trur ikkje det. Sidan 2002 har me ikkje auka prisane våre, me har tvert om hatt dei same prisane og auka hastigheita dramatisk. Det er ingen grunn til å tru at noko anna vil skje denne gongen.

– Har me behov for slike enorme hastigheiter?

– Me ser at det norske samfunnet bevegar seg i rett retning på dette. Småbarnsfamiliar har veldig mange trådlause einingar som krev enormt mykje av det trådlause nettet på same tid. Men det er klart at det er forskjell på folk og behova deira.

Innan utgangen av 2015 får rogalendingane tilbod om den nye høghastigheita, men resten av landet følgjer etter.

– Dette er absolutt noko heile Norge skal få. Investeringsprogrammet går nasjonalt, slik at alle våre kundar skal kunne realisera dette i løpet av dei neste åra, seier Røisland.