Hopp til innhold

SAS-fly kolliderte med bil på flyplassen

Eit SAS-fly krasja i dag tidleg med ein avisingsbil på Stavanger lufthamn Sola. Den eine venga på flyet vart skadd, men ingen personar kom til skade.

– Uhellet skjedde då eit SAS-fly skulle taxe bort til sin gate etter landing, fortel lufthamnsjef Leif Anker Lorentzen.

På veg mot gaten passerte flyet avisingsplattformen. Då kom ein av vengene borti ein av avisingsbilane som stod der. Det vart mindre skadar både på venga og på bilen, seier lufthamnsjefen.

Det er ikkje rapportert om personskadar i forbindelse med uhellet.

Årsaka til uhellet er førebels ikkje kjent.

– Nå blir det gjort undersøkingar av sjølve hendinga for å finne ut av årsaka til at dette skjedde, slik at me kan unngå at det skjer igjen. Det er ei sak både for SAS og for lufthamna, og er rapportert vidare til luftfartstilsynet, seier Lorentzen.

Men legg til.

– Det skjer ein sjeldan gong at det er kontakt mellom bil og fly på flyplassen. Det er stor aktivt på flyplassen, difor kan slike ting skje.

Kollisjonen vil få mindre konsekvensar for lufttrafikken utover dagen.

– SAS må skifte ut den maskinen som vart skada, så det vil påverke vidare rute som denne maskina skulle ha flydd, men utanom det så vil ikkje flytrafikken på Sola bli råka av dette, seier lufthamnsjefen.