Hopp til innhold

– Gandsfjord bru felte meg

SV-topp i Rogaland, Rune Kloster Tvedt, blei fjerna frå førsteplassen på vallista for fylket i helga. Han seier årsaka er at han ikkje gjekk inn for bygging av Gandsfjord bru i Sandnes.

SV-topp i Rogaland, Rune Kloster Tvedt, blei fjerna frå førsteplassen på vallista for fylket i helga. Han seier årsaka er at han ikkje gjekk inn for bygging av Gandsfjord bru i Sandnes.

VIDEO: Rune Kloster Tvedt har meld seg ut av SV etter at han vart vraka som toppkandidat i helga. Foto: Kaj Hjertenes/NRK.

– Det har falt Sandnes SV tungt for brystet at ikkje Gandsfjord bru kom med i bompengepakken. Så vidt eg kan sjå er det årsaka til at eg vart droppa, seier mangeårig SV-politikar Rune Kloster Tvedt, nå utmeld.

Før helgas fylkesårsmøte i Rogaland SV var han innstilt som førstekandidat. Men det som skjedde var at han i staden for å toppa fylkestingslista, blei plassert som nummer to.

Benkeforslaget på fylkesårsmøtet kom frå Sandnes SV. Dei brukte forslaget hans om kommunesamanslåing på Nord-Jæren som argument, men det byrja mykje tidlegare, seier Kloster Tvedt i dag.

Stemte for bompakke utan Gandsfjord bru

I fylkestinget rett før jul, gjekk SV, representert ved Rune Kloster Tvedt, inn for ei fleirtalsløysing omkring bompengeprosjektet på Nord-Jæren. Det forslaget inkluderte ikkje bygging av Gandsfjord bru i Sandnes til fleire milliardar kroner. Sandnesdelen av SV sette ikkje pris på dette og i helga tok dei igjen.

– Sandnes SV har i denne saka hatt ei interesse og gjort nokon grep for å få endra på rekkjefølga, seier Kloster Tvedt.

Gandsfjord bru (modell)

At han stemde for ein bompengepakke utan Gandsfjord bru er årsaka til at han vart vraka, meiner Rune Tvedt Kloster.

Foto: Vegvesenet

Men forslaget Kloster Tvedt gjekk inn for, hadde i seg ei løyving på 50 millionar til planlegging av Gandsfjord Bru. Derfor er den nå utmelde ex-SV-ar, Kloster Tvedt, overraska over kva som skjedde. Og det som skjedde var at han i staden for å toppa fylkestingslista, blei plassert etter Heidi Bjerga, frå Sandnes.

Heidi Bjerga

Heidi Bjerga er Rogaland SVs førstekandidat.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Det blir eit spanande år for SV, og for meg som fekk fyrsteplassen. Eg visste, og hadde godkjend, at dei skulle fremma mitt kandidatur, men eg hadde ikkje trudd at eg ville få så overveldande støtte, seier Bjerga.

Skapar dette uro i partiet?

– Det er uro hos den eine personen. Partiet står samla. At 80 prosent er å stå samla når det kjem eit benkeforslag, seier ho.

– Liten betydning for valet

Det har gått usedvanleg hardt for seg i Rogaland SV denne vinteren. Marcela Molina, gruppeleiar Stavanger og fylkespartileiar, trekte seg i februar. Samstundes får han som segla opp til å bli gruppeleiar i bystyregruppa i Stavanger, Eirik Faret Sakariassen, kjeft fordi han kjem med for mange soloutspel. I same rennet seier Heidi Bjerga opp jobben som partisekretær på SV kontoret i Stavanger, men ho fortsette i politikken, og nå er ho også på topp i fylkesvallista.

– Eg trur dette har lite å sei for valet. Det er lenge til, og personar har ikkje så mykje og sei. Det vil sannsynlegvis heller ikkje vera så mykje bråk no. Det som avgjer valet for SV lokalt er korleis dei klarer å profilere seg, og da er nesten det som skjer nasjonalt viktigast, seier Svein Tuastad, statsvitar ved universitetet i Stavanger og mangeårig SV-medlem.