Hopp til innhold

– Samarbeidet sat langt inne

Arbeiderpartiet og Framstegspartiet, som har valt å samarbeida for å få fleirtal i Sandnes, har i alle fall ein ting dei er samde om - at det finst fleire viktige spørsmål der dei over hovudet ikkje er samde.

Stanley Wirak

Til mange si store overrasking blei det i helga klart at Stanley Wirak frå Ap blir den nye ordføraren i Sandnes. Dette etter avtale om eit valteknisk samarbeid med Frp.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– I spørsmålet om korleis me skal finansiera goda i byen er me svært usamde seier Stanley Wirak frå Ap, som blir den neste ordføraren i Sandnes. Og det er om den komande varaordføraren Pål Morten Borgli og partiet hans Frp, Wirak snakkar.

Felles utgangspunkt

Sjølv om tonen mellom dei to er svært munter tidleg måndag morgon, legg ingen av dei skjul på at dei går ei utfordrande tid i møte.

– Det er klart at dette samarbeidet sat veldig langt inne både hos oss og hos veljarane. Likevel meiner me at me har eit godt utgangspunkt som går på at me saman ønskjer å finna løysingar. Me vil ha full sjukeheimsdekking og me vil ha ein god skole, det store spørsmålet blir korleis me finansierer dette, seier Wirak.

Det politiske puslespelet i Sandnes gjekk fredag opp, og fleirtalet er det nå Ap, Frp, Pensjonistpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti som står bak.

(Artikkelen held fram under bilete)

Stanley Wirak og Pål M. Borgli

Komande ordførar og varaordførar i Sandnes. Frå venstre; Pål Morten Borgli (Frp) og Stanley Wirak (AP).

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Kan bli eigendomsskatt

Sjølv om Høgre var det største partiet, og også opplevde oppgang, førte ikkje samarbeidsforhandlingane deira med Frp, Kristeleg Folkeparti og Venstre fram. Dermed må sitjande ordførar Norunn Østråt Koksvik gå av.

Og med Ap-ordførar reiser endå ein gong spørsmålet om eigendomsskatt seg i byen. Med Høgre og Frp i førarsete ville det ikkje blitt eigendomsskatt. Nå er spørsmålet meir ope:

– Me er framleis for eigendomsskatt. Sidan Høge nå er i opposisjon veit eg ikkje om dei vil stå på at dei ikkje vil ha skatten. Men om fleirtalet i bystyret ønskjer eigendomsskatt vil visa seg, seier Wirak.

Og det er dette som er det aller største stridsspørsmålet mellom Frp og Ap i Sandnes. Borgli meiner at kampen om eigendomsskatt vil bli svært spanande.

– Det som vil skje er at du får eit vitalt bystyre, der alt ikkje er avgjort på kammerset på førehand. I fire år vil dette vera eit stort spenningsmoment, seier Borgli.

– Enorm fallhøgd

Borgli meiner det viktigaste har vore å få på plass eit breitt og godt fleirtal i byen.

– Det er jo det som har vore etterlyst, endåtil frå Høgre, seier han.

Om sandnesbuen er nøgd med eit samarbeid der utgangspunktet er at dei ikkje er samde svarer Wirak slik på:

– Nå skal me bevisa for folk at me får dette til. Fallhøgda her er ganske enorm, så det er berre opp til oss å få det til.

– Er det ikkje då eit vanskeleg utgangspunkt at de er samde om å ikkje vera samde?

– Det er klart at det ikkje blir enkelt, men når me veit kor me har kvarandre i utgangspunktet så blir det ikkje noko spel. Det vil alltid vera fleirtalet i bystyret som avgjer, seier Wirak til slutt.