Hopp til innhold

Såg at leitemannskapa gjekk forbi

Fanny Anne Bardoz blei overraska av sterk vind og skodde på veg til Kjeragbolten i Lysefjordområdet. Ho søkte ly eit stykke frå stien og opplevde at leitemannskapa passerte seint på kvelden, utan at ho klarte å koma i kontakt med dei.

Fanny Anne Bardoz blei overraska av sterk vind og skodde på veg til Kjeragbolten i Lysefjordområdet. Ho søkte ly eit stykke frå stien og opplevde at leitemannskapa passerte seint på kvelden, utan at ho klarte å koma i kontakt med dei.

– Véret var ikkje så ille då eg kom fram til der stien byrjar ut til Kjerag. Temperaturen var rett over null og det var ganske kaldt. Det bles også litt, men ikkje verre enn at eg bestemte meg for å gå.

Dette seier Fanny Anne Bardoz, tidleg på laurdag ettermiddag. Då hadde leitemannskapa funne ho og ho var tilbake i Stavanger. Men den avgjerda ho tok eit døgn tidlegare viste seg å vera ein grov feilkalkulasjon.

Måtte snu nær målet

Bilde Kjerag

Kjeragveggen i Lysefjorden i Forsand kommune.

Foto: Rogaland Alpine Redningsgruppe

– Då eg var komen ca. ein halv time frå målet, så oppdaga eg at dette ikkje var særleg lurt. Det kom skodde og vinden blei sterkare og sterkare. Då tenkte eg at det var best å koma meg tilbake. Men skodda blei tettare og det var blitt glatt. Samstundes byrja det å bli mørkt og eg bestemte meg for å søkje ly for vinden og satse på ei overnatting ute, fortel Fanny Anne Bardoz.

Fann ly eit stykke vekke frå stien

Ho fann seg ein stad som var beskytta for den sterkast vinden. Det var eit stykke frå stien men ikkje veldig langt. Det var mellom to fjellvegger og under ein stein. I tillegg bygde ho ein levegg av snø. Det var kaldt og ho måtte røra seg heile tida, for å halda varmen så nokolunde.


– Eg sov ikkje eit sekund og mista følelesen i beina ganske fort. I 10 timar heldt eg meg i ly der. Hovudet var godt pakka inn, og overkroppen. Eg hadde fire lag med ull på meg. Men beina var veldig kalde.

Leitemannskapet passerte

- Du såg leitemannskapa i løpet av natta?


– Eg såg lyktene deira. Først så blei eg veldig glad og tenkte: Så heldig eg er, at det er eit slikt system som kan hjelpa folk som tar eit uheldig valg. Eg prøvde å signalisera til dei, men eg hadde jo ikkje batteri i lommelykta. Det einaste batteriet som fungerte var i kameraet og det var for svakt.


– Eg fann fort ut at eg måtte gå tilbake bak leveggen. Hadde eg forsett mot dei så var det så mykje is på berget, at eg lett kunne sklidd og då veit eg ikkje kva som hadde skjedd med meg. Og det var heilt ekstremt sterk vind.

Ganske fjellvant

Fanny Anne Bardoz fortel at ho har gått ein del i fjellet tidlegare. Vanlegvis er ho det ho sjølv kallar "overforsiktig". Ho tar med ekstra batteri og tepper i tilfelle noko skulle skje.


– Men typisk nok. Det gjorde eg ikkje denne gongen, og så gjekk det som det gjekk. Men eg hadde på meg nok klær og då gjekk det jo nokolunde greitt.


- Var du redd eller trygg på at det gjekk bra til slutt?

– Det gjekk litt i fasar. Eg tenkte først og fremst at eg måtte ta dei rette vala. Finne ein plass der det ikkje var glatt og der eg kunne vera resten av kvelden. Og så tenkte eg at dette er jo ikkje Mount Everest.

Etter fire timar med konstant hakking av tenner, så tvang eg meg til å tenkje at nå går det mot soloppgang og at det ikkje var så lenge igjen før nokon kom til å finne meg.

Stor redningsaksjon

På fredagskvelden var Øvre Sirdal Leitelag ute og prøvde å finna Fanny Anne Bardoz. Ho hadde gitt beskjed gjennom mobiltelefonen om kor ho var, så godt ho kunne stadfesta det.

Vinden og kulden var så sterk at leitelaget måtte gi seg rundt midnatt. Det var heller ikkje vér og sikt til at redningshelikopteret kunne brukast i leitinga.

Laurdag morgon i 8-tida starta tre nye redningslag på leitinga, og det var dei som fann ho ein times tid seinare.

Gjorde de ho skulle

Helge Dyrøy frå Stavanger Røde Kors, var ein av dei som oppdaga Fanny Anne Bardoz. Han vedgår at véret natt til laurdag var så dårleg i området, at dei slett ikkje var sikre på å finne ho livet, dagen etterpå.

Helge Dyrøy i Stavanger Røde Kors

Helge Dyrøy i Stavanger Røde Kors, med Røde kors-hytta i Hunnedalen i bakgrunnen.

Foto: Kristoffer Melkevik / NRK


- Kva er det ho har gjort rett, etter at uhellet var ute?


– Ho har vore veldig flink, understrekar Helge Dyrøy.

Han gir skryt fordi ho søkte ly og kledde på seg det ho hadde. med seg. Og ikkje minst at ho rørte seg heile natta, i staden for å leggje seg ned.

– Ho har gjort ein kjempeinnsats i den situasjonen ho var i. Det kunne ha skjedd kven som helst, avsluttar Dyrøy.

Gjorde ein fantastisk innsats

Til saman 16 personar deltok i leitingen laurdag føremiddag.

– Dei frivillige mannskapa gjer ein fantastisk innsats. Det hadde ikke vore råd å gjennomføre dette om ikkje dei stilte opp slik dei de gjer.

Det sa operasjonsleiar Kjetil Føyen i Rogaland politidistrikt til NRK laurdag føremiddag.