4.800 kroner per person var prisen for å koma frå Oslo til Stavanger i eit eksklusivt russefly.
Kanskje ikkje rart at Ida og Hilde frå Sogn og Fjordane måtte ha hjelp frå foreldra.
– Det er verdt prisen
– Det er mykje pengar, men eg meiner det er verdt det. Utanom flyturen får me jo VIP band til landstreffet, og me får rabatt på mat og drikke i Kongeparken, seier Ida som først måtte fly frå Sogndal.
Men det stoppar ikkje her. Desse «luksusrussane» har også tilgang på eigne stylistar som pyntar dei før konsertane.
- Sjå TV-innslag frå i fjor:
– Skal ikkje ein russefest vera litt meir rølpete?
– Jo, den skal jo eigentleg det. Men eg syns ikkje det er noko gale i dette, derfor seier eg ikkje nei takk, seier veninna Hilde, også frå Sogn og Fjordane.
Fryktar snøvêr
Det er meldt kaldt vêr til helga, og i verste fall kan det bli snø natt til laurdag, varslar meteorologane.
Arrangørane har derfor kjøpt inn 400 ullteppe før russetreffet.
Men i køen inn til Kongeparken kunne russepresident i Stavanger, Cecilie Fjelde, melda om steikande sol, og mykje hud.
– Folk har kasta kleda, for nå steiker sola her. Mange har likevel med seg tjukke klede om det skulle bli kaldt, seier Fjelde til NRK.
Det byrjar å bli fullt på parkeringsplassane der russebussane står utanfor Kongeparken.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK– Ikkje plass til fleire bussar
Fjelde seier at det stort sett berre er god stemning, men at det er ein ting som skaper litt amper stemning i russeleiren.
– Det er ikkje plass til fleire bussar, så me må liggja ein annan stad, seier ho.
Dette gjorde at dei i staden for å betala 500 kroner for heile bussen, nå må betala 400 per person.
– Dermed må me i bussen vår nå betala 2.800 kroner. Mange er litt sure på dette, men elles er stemninga god, seier ho.
Falske billettar
Fleire russ på veg inn til landstreffet i Kongeparken er i dag tatt med falske billettar.
Samla er 57 russ til nå tatt med ugyldige billettar seier dagleg leiar i Kongeparken, Håkon Lund.
- Les òg:
– Me har ikkje tidlegare opplevd at det har vore noko særleg med falske billettar, men samla sett er ikkje 57 av 11.000 så mykje.
Russen som blir tatt med falske billettar blir nekta tilgjenge til heile arrangementet i Kongeparken.