– Statens vegvesen har bestemt at Rogfast skal byggast med maks 5 prosent stigning opp til Arsvågen i staden for 7 prosent som tidlegare planlagt, seier regionvegsjef Helge Eidsnes.
Statens vegvesen skjerpar kravet til stigning i Rogfast, og startar no ein ny reguleringsprosess i samarbeid med Bokn kommune.
- LES: Frp meiner regjeringa bløffar om veifinansiering
- LES: Han rykkjer ut dersom det brenn i verdas lengste undersjøiske vegtunnel
400 millionar dyrare
– Det betyr at planane for Rogfast må omarbeidast i Bokn, men vi kjem til å jobbe for å nå målet om opning av Rogfast i 2023, seier Eidsnes.
Når tunnelarmen til Kvitsøy skal ha maks 5 prosent stigning, og ikkje 7 betyr det at tunnelen blir vel ein kilometer lengre. Prisen blir om lag 400 millionar kroner høgare med denne løysinga.
– Ei sikrare løysing
– Ei redusert stigning fører til 20 prosent færre brannar eller tilløp til brannar i tunge køyretøy i tunnelen. Den samla ulykkes- og dødsrisikoen er berekna å bli redusert med rundt 5 prosent, seier regionvegsjef Helge Eidsnes.
Slakkare stigning gjer verdas lengste undersjøiske vegtunnel endå tryggare.
og er første etappe på ein
Rogfast skal gå frå Harestad i Randaberg kommune til Arsvågen i Bokn kommune. Tunnelen blir bygd med to løp og til saman fire felt. I tillegg blir det bygd ein tunnel med eit løp på om lag fire kilometer opp til Kvitsøy.