Hopp til innhold

Rock'n roll på Vågen vidaregåande

Elevar ved Vågen vidaregåande i Sandnes får ein smak av 60-talet i desse dagar. Dei øver nemleg på musikaren Grease – og nå nærmar det seg premiere.

Elevar ved Vågen vidaregåande i Sandnes får ein smak av 60-talet i desse dagar. Dei øver nemleg på musikaren Grease – og nå nærmar det seg premiere.

GREASE: Her kan du sjå førebuingane på Vågen Vgs.

– Me har jobba intensivt dei siste månadane, så nå er det gøy å sjå at det tar form, seier Andreas Hansen.

Han spelar «Danny», som i musikalen møter «Sandy» etter sommarferien. Handlinga skjer ved starten av 60-talet på Rydell High School i USA.

– Det er veldig kjekt å spela ein musikal frå den tida. Kostyma, songane og den håplause kjærleiken. Det er mange kjekke element, seier Julie Sæbø Larsen, som spelar «Sandy».

Nå står det att fleire øvingar dei neste dagane før premieren i Vågensalen klokka 19 tysdag kveld. Då er alle velkomne til ei reise tilbake til 60-talet og livet på high school i USA.

– Nervane er så høgt oppe dei skal vera, men me får kontroll i løpet av helga. Dette skal gå veldig fint, seier Andreas «Danny» Hansen.

Musikalen Grease blei filmatisert i 1978 med John Travolta og Olivia Newton-John i hovudrollene.