Hopp til innhold

Skulen ber foreldre ikkje la ungane sjå «morbid» Netflix-serie

«Squid Game» tek verda med storm – også åtte- og niåringar. Det fører til sjokkerande leikar i friminutta, seier lærarar.

Melding frå Sørbø skule til foreldre

Utdrag frå meldinga sendt frå rektor ved Sørbø skule til foreldre.

Foto: Øystein Otterdal / NRK / Skjermbilete

Utdrag frå meldinga sendt frå rektor ved Sørbø skule til foreldre.

Foto: Øystein Otterdal / NRK / Skjermbilete

Fredag like før haustferien fekk foreldre med born på Sørbø skule i Sandnes ei melding frå rektor.

Her oppfordrar ho dei til å ta ein prat med ungane sine om kva som er passande å halde på med på skulen.

Bakgrunnen er leikar ungane driv med inspirert av ein valdeleg Netflix-serie.

Leikar lærarane kallar sjokkerande.

Sørbø skole

Sørbø skule i Sandnes. På leikeplassen utanfor er Squid Game ofte samtaletema, både for vaksne og ungar.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Sjå heile meldinga frå rektor ved skulen nedst i saka.

Tek verda med storm

Squid Game er ein sørkoreansk TV-serie. Den handlar om gjeldstyngde menneske som konkurrerer i barneleikar for å vinne store pengesummar.

Alt med livet som innsats.

Serien er per no ein av verdas mest sette, og vart so populær at ein internettleverandør har saksøkt selskapet bak serien for å belaste nettet ekstremt mykje.

Og alt dette med ein god del vald.

I heimlandet har serien ei 19-års aldersgrense, og på Netflix ei 16-årsgrense.

Ser saman med foreldra

I gangane og på leikeplassen på Sørbø skule er Squid Game inspirasjon til fleire av leikane åtte- og niåringane driv med. Mellom anna den klassiske «raudt lys».

– Dei har ein bøddel som går rundt og eliminerer eller «drep» dei som rører på seg. Det er henta rett ut ifrå scener i Squid Game, seier Sivert Haga Hebnes.

Han er lærar på 5. trinn. Over halvparten av ungane på trinnet hadde fått med seg kva Squid Game var.

Ole Petter Rettedal og Sivert Haga Hebnes

Ole Petter Rettedal og Sivert Haga Hebnes er einige om at serien er svært spanande, men at den er langt for morbid og grotesk for born.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Eg skjønte ikkje med det same kva det var. So gjekk eg heim og såg serien og fekk eit heilt anna syn på kva dei heldt på med. Det var sjokkerande, seier Hebnes.

Ole Petter Rettedal er lærar på trinnet over. Over halvparten av hans elevar hadde faktisk sett serien.

– Dei fleste hadde sett det med mamma og pappa. Det vart eg litt sjokkert over.

Han tykkjer aldersgrensa på 16 år er altfor låg.

– Det burde vore mykje høgre. Det er jo ein massakre, sjølvmord, ja, det gjev grufullt sterke inntrykk. For ein tiåring, eller yngre, må det jo vere forferdeleg, seier Rettedal.

Rår imot å sjå den

– På mange måtar kan ein sei at dette er genialt laga, men det er laga for vaksne.

Leif Gunnar Vestbøstad Vik er dagleg leiar i Barnevakten, ei stifting som rådgjev om barn og media.

Han seier at dei samfunnskritiserande elementa ved TV-serien er godt, men at det er laga for eit modent publikum.

For nyleg gjorde Barnevakten noko dei sjeldan gjer: dei beint fram rår foreldre til å ikkje late borna sjå serien.

Leif Gunnar Vestbøstad Vik, dagleg leiar i Barnevakten.

Leif Gunnar Vestbøstad Vik, dagleg leiar i Barnevakten. Han rår vaksne til å prate med born og hjelpe dei sortere tankar og kjensler dei får av å sjå valden på skjermen.

Foto: Studio 1 fotografene

– Det er veldig sjeldan vi går ut med eit bodskap om at der er noko ein ikkje bør sjå. Vi tenkjer ytringsfridomen er veldig sterk i vår kultur, men i nokre tilfelle brukar vi sterke ord. Og dette er ein av dei sjeldne gongane vi faktisk gjer det, seier Vik.

Han seier at serien er so populær og til stades i unge sin populærkultur gjennom ulike media at foreldre bør prate med borna sine uansett om dei har sett serien eller ikkje.

– Dette er noko som veldig mange born og unge på eitt eller anna vis vil vere opptekne av i tida framover.

– Foreldre må følgje med

5.-klassingane til Hebnes hadde ikkje sett serien saman med foreldra sine.

Dei hadde sett klipp på sosiale media som TikTok eller Instagram og hadde leika Squid Game på spel som Roblox og Minecraft.

Hebnes trur nokre foreldre ikkje har fått med seg fenomenet trass i at ungane kjenner det godt – nettopp gjennom sine eigne telefonar og pc-ar.

– Snakk med born og med andre foreldre. Det viktige her er borna sitt beste, ikkje at dei skal verte underheldt og at foreldra skal vere kompis. Her gjeld det å vere ein tydeleg vaksen, seier Rettedal.

Brev frå rektor ved Sørbø skule til foreldre.

Dette er meldinga rektor Elisabeth Aksnes digitalt sende til foreldre fredag. Ho seier ho vart gjort merksam på fenomenet same dag meldinga vart sendt ut.

Foto: Skjermbilete

Hei!

Har du tankar om artikkelen eller tips til andre saker eg bør sjå på? Eg er alltid interessert i å høyre om kva som interesserer deg.

Eg har tidlegare skrive saker om mellom anna jakta på den forsvunne nobelprisen Hamsun gav til nazistane, om Gunnar som i åresvis har fått brev til si avdøde kone og om då Thor Ulve vart bisett til brølet frå eit jagarfly.