Hopp til innhold

Vêr i hardt vêr på Finnøy

Sauene får vanlegvis lam i mars månad. Hos ein sauebonde på Finnøy kom første lammet midt i januar. "Gjerningsmannen" er forvist frå sauefjøset, men det skjedde nok for seint.

Sauebonde Leif Helge Reilstad frå Finnøy i Ryfylke med eitt av lamma født i januar

Sauebonde Leif Helge Reilstad frå Finnøy i Ryfylke med eitt av lamma født i januar.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Sauebonde Leif Helge Reilstad frå Finnøy i Ryfylke veit ikkje om han skal le eller grine for tida. Vanlegvis startar sauefødslane i byrjinga av april, men i år har han alt fått 29 lam.
– Kva har skjedd?
– Eg anar ikkje. Men eg har fått meg ein ny blandingsrase som heiter Svartfjes, og dei er visst veldig ivrige og har kome i gang tidleg, seier Reilstad.

Januarlam frå Finnøy

Det første lammet på Finnøy blei født 18. januar.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Fødd i kuldeperioden

Det er lokalavisa Øyposten som skriv at det første lammet kom så tidleg som den 18. januar. Det skjedde i ein skikkeleg kuldeperiode, som slett ikkje er optimalt for eit lite lam.

Les Øyposten her: Øyposten - Rekortidleg lamming på Reilstad

– Nei, og hadde dei berre stått inne, så hadde det ikkje vore noko problem, men dei fødde ute også desse sauene, fortel Reilstad.

Vær på villstyr

Heilt ærleg er rett nok ikkje Reilstad når han seier at han ikkje veit kva som har skjedd. Han vedgår at han var for seint ute med å ta vekk vêren som gjekk blant sauene.

– Ja, eg var ikkje rask nok. Vanlegvis pleiar ikkje sauene koma i brunst så tidleg som i august-september, men dei er visst tidlegare ute i denne rasen, ler Reilstad.

Svartfjessauene går ute

Sauene av svartfjesrasen toler mykje av både nedbør og låg temperatur og går ute året rundt.

Magne Jakob Bjørheim, leiar i Rogaland sau og geit

Leiar i Rogaland sau og geit, Magne Jakob Bjørheim, er overraska over dei rekordtidlege lammefødslane på Finnøy.

Vanlegvis slepp vêren til i saueflokken tidleg i november. Litt mindre enn fem månader seinare, i starten på april, byrjar lamma å koma.

– Det skjer nok av og til at det kjem eit lam og to i januar og februar, men at det kjem så mange som 29 lam, kjenner eg ikkje til at har skjedd før, seier leiar i Rogaland sau og geit, Magne Jakob Bjørheim.

Roleg påskeferie

Fordelen med å vera tidleg ute, er at lemminga då er ferdig før påske. Men heilt roleg blir det nok ikkje i påska likevel for sauebonde Leif Helge Reilstad på Finnøy i Ryfylke.

– Eg tok vekk den vêren for at det ikkje skulle bli fleire fødslar så vanvitig tidleg. Så eg trur det blir ein pause nå, og at resten av lamma kjem på vanleg tid, seier Reilstad.