Hopp til innhold

Rekordmange vil bli brannmenn

Rekordmange velkvalifiserte ungdomar vil jobba i Brannvesenet i Sør-Rogaland. Til sju ledige stillingar kom det inn heile 206 søknadar.

Veldig mange vil bli brannkonstablar i Sør-Rogaland.

SJÅ TV-REPORTASJEN: Tysdag skulle søkarane gjennom fysiske testar.

Lise Petersen

– FOLK VIL BIDRA: Det seier Lise Petersen, seksjonsleiar beredskap i Brannvesenet Sør-Rogaland.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Det har alltid vore populært å bli brannkonstabel, men dei siste åra har me hatt ein del store brannar her hjå oss. Eg trur det har bidrege til at folk ønskjer å få jobb her. Det har også vore mykje fokus på alle naudetatane dei siste åra, og eg trur folk vil vera med å bidra, seier Lise Petersen, seksjonsleiar beredskap i Brannvesenet Sør-Rogaland

Ei dobling

Frode Johannessen

– BØR IKKJE HA HØGDESKREKK: Frode Johannessen, brigadesjef i Brannvesenet Sør-Rogaland.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

206 personar har søkt om å bli ein av dei sju nye brannkonstablane i Sør-Rogaland. Det er ei dobling sidan sist.

Tysdag skulle dei testast fysisk, og på programmet stod blant anna klatring i ein 22 meter høge stige.

– Du merkar når du spør om dei har høgdeskrekk om dei likar seg eller ikkje. Ein legg merke om dei blir usikre på trinna og byrjar å sjå nedover. Det er ikkje bra, seier Frode Johannessen, brigadesjef i Brannvesenet Sør-Rogaland.

Berre tre jenter

Grete Dahle Thorsen

EIN AV TRE: Grete Dahle Thorsen

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Eg er ikkje verdsmeister i høgde, men eg skal klara å unngå å hyperventilera der oppe, seier Grete Dahle Thorsen, som er ein av berre tre jenter som skulle testast tysdag. Dei fysiske krava er dei same for alle.

– Sjølvsagt heier eg på jentene. Dei jentene me har er kjempeflinke og verkeleg ein ressurs for oss, seier seksjonsleiar Petersen.

Testane skal halda fram for fullt, og først i desember kven som blir nye brannkonstablar i Sør-Rogaland.