Hopp til innhold

Reiser frå Norge i frykt for barnevernet

Barnevernet har inga sak mot rumenske Andras Dugeniuc. Likevel flyttar han og familien tilbake til Romania på grunn av frykt etter barnevernssaka i Naustdal.

Familiefar i sitt selvbygde hus i Vindafjord snakker med barna i Romania på Ipad.

VINDAFJORD: Andras Dugeniuc sine fire barn, som er under atten år, har allereie reist til Romania. Der dei er saman med mora. Snart reiser også Andras og dei to barna som er over atten år. Sjå TV-saka her.

Informasjonen som har blitt spreia om det norske barnevernet etter saka i Naustdal, der fem rumensk-norske barn blei tekne frå foreldra sine, har gjort sterkt inntrykk på fleire rumenarar i Norge.

Ein av familiane som har teke grep er familien Dugeniuc, som har vore busette på Øvre Vats i Vindafjord kommune i fleire år. Faren i huset, Andras Duqeniuc, seier at familien nå flyktar frå barnevernet. Dette sjølv om dei ifølgje kommunen på ingen måte er i barnevernet sitt søkelys.

– Det eine barnet mitt blei kalla inn til eit avhøyr på skulen, me trudde det var barnevernet, og guten var i sjokk, fortel Dugeniuc.

Reiste til Romania i bubil

Han seier at barna kjende saka frå Naustdal frå internett, og at dei blei svært redde for at barnevernet skulle ta dei. Sjølv har Andras Dugeniuc delteke i demonstrasjonar mot barnevernet, og har lita tiltru til systemet.

Med bakgrunn i barna si frykt etter møtet på skulen, og eiga skepsis til barnevernet, avgjorde han at dei skulle flytta tilbake til Romania.

Han pakka bubilen sin full og køyrde ned med kona og fire barn. Nå er han tilbake i Vindafjord der han skal selja hus og bil før han sjølv vender tilbake til Romania, saman med sine to barn som er over 18.

Demonstrasjon mot barnevernet, Oslo

Det har blitt arrangert fleire demonstrasjonar mot barnevernet i Norge, dette bilete er frå Oslo for litt over to veker sidan. Andras Dugeniuc deltok i ein liknande demonstrasjon i Haugesund.

Foto: Sidsel Avlund / NRK

Rutinesamtale med helsesystera

«Avhøyret» som utløyste frykta for familien Dugeniuc var ein rutinesamtale med helsesystera opplyser kommunen.

– Dei hadde ingen grunn til å frykta barnevernet. Dette er ein rutinesamtale som alle andreklassingar blir kalla inn til. Det har ikkje kome inn uromeldingar på familien, seier kommunalsjef for helse og omsorg Øistein Gunnarshaug i Vindafjord kommune.

Likevel. For Andras er frykta så stor at han nå vil vekk frå Norge, sjølv om kommunen har forklart at samtalen som barnet blei kalla inn til ikkje var med barnevernet.

– Me flyttar frå Norge for godt., seier han.

– Mange familiar har reist

Ifølgje folk i det rumenske miljøet i Stavanger, er ikkje saka i Vindafjord unik. Dei hevdar at fleire familiar har reist frå Norge på grunn av Naustdal-saka.

– Personleg kjenner eg til sju familiar som har reist, men eg veit at det skal vera fleire, seier Ioan Larion, som NRK treff på språkkurs i Stavanger.

Barnevernet kallar frykta irrasjonell.

– Ein har godt statistisk belegg for å sei at barnevernet ikkje er på jakt etter utanlandske barn, seier Gunnar Thoresen, som er leiar for barnevernet i Stavanger.