Hopp til innhold

Redda seglbåt i naud – på det meste var bølgjene ti meter

Tre norske kunstnarar på reis fekk motorstopp før stormen tok til. Her blir dei berga av redningsskøyta «Bergen Kreds».

Tre norske kunstnarar på reis fekk motorstopp før stormen tok til. Her blir dei berga av redningsskøyta «Bergen Kreds».

VIDEO: Sjå redningsskøyta sin eigen video frå berginga.

Klokka 11.30 i går fekk mannskapet på redningsskøyta «Bergen Kreds» melding om ein seglbåt med tre personar som var i naud i Nordsjøen om lag 50 nautiske mil vest for Bømlo.

Om bord sat styrmann Jonas Jensen frå Kristiansand og to kameratar, som var på veg til Bergen frå ei kunstutstilling dei hadde hatt på Shetland.

– Me hadde fått motorstopp og hadde problem med manøvreringa. Samstundes visste me at det var ein liten storm på veg. Gjennom Rogaland radio fekk me kontakt med redningsskøyta, som kunne slepa oss, fortel Jensen.

Utmatta mannskap

Han seier at dei allereie fekk problem i frisk bris.

– Mannskapet om bord var utmatta og det var litt skummelt å vita at stormen var på veg når ein allereie har problem med manøvreringa i frisk bris. Hadde det ikkje vore for at «Bergen Kreds» kom hadde me nok ligge der å duppa framleis, fortel han.

Redningsskøyta brukte om lag ti timar på å slepa mannskapet inn til Utsira. Her prøver Jensen å få gang på motoren. Medan resten av mannskapet har kome seg til Bergen på andre måtar.

– Når eg får orden på motoren må eg skaffa mannskap, så reiser eg truleg til heimbyen min Kristiansand, seier Jensen.

– Ta omsyn til vêret

Styrmann på «Bergen Kreds» seier dei har mange oppdrag i uvêret som har herja i sommar. Dei ber folk om å vera forsiktige.

– Dersom det er meldt dårleg vêr kan det vera betre å slappe av i hamna, seier Frode Oppsang Holmedal.

I går skal bølgjene på det meste ha vore ti meter.

Laster Twitter-innhold