Hopp til innhold

Har fått tips om å låsa døra etter kritikk av Vigrid-leiaren

Fleire personar har kontakta nyheitsredaktøren i Rogalands Avis, Lars Petter Einarsson, etter han kritiserte Vigrid-leiaren og facebookgruppa «Borgervernet Rogaland» i bloggen sin i går.

Lars Petter Einarsson

I eit ope brev til nyheitsredaktør i RA, skriv Tore W: Tvedt at han skal knusa Einarsson i ein eventuell debatt.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Eg har fått telefonar og meldingar om at dersom eg treng hjelp, skal eg få det. Dette er frå personar som kjenner medlemmane av «Borgervernet Rogaland», sjølv kjenner eg dei ikkje, dessutan opererer fleire av dei med falske Viking-namn, seier nyheitsredaktør i Lars Petter Einarsson, i Rogalands Avis (RA).

I går skreiv nyheitsredaktør i Rogalands Avis, Lars Petter Einarsson, i bloggen sin at mykje av det som blir skrive i ei facebook-gruppe med namn «Borgervernet Rogaland» er svineri, og viser spesielt til rasistiske innlegg frå Vigrid-leiar Tore W. Tvedt.

«Den mest ufyselige der inne er Tore W. Tvedt. Han er gruppens propagandaminister som sprer hatefulle påstander om innvandrere det er til å få hakeslipp av.» står det mellom anna i bloggen.

Fekk ope brev frå Tvedt

«Borgervernet Rogaland» er ei gruppe som har fått mykje merksemd i media etter dei delte ut 2000 flygeblad med sterke åtvaringar mot asylmottak og innvandring på kvinnedagen 8. mars. Flygeblada blei lagt i postkasser i Sandnes og ein kunne mellom anna lesa at konsekvensane av asylmottak er valdtekter, knivstikking og narkotika.

Bloggen i RA førte til eit ope brev frå Tvedt, der han ønsker å ha Lars Petter Einarsson med på ein debatt. Ein debatt der Einarsson vil bli knust, ifølgje Tvedt.

– Det er vanleg retorikk frå den kanten, dei utpeikar alle som ytrar seg mot dei som fiendar og nå er eg ein fiende. Eg tar det ikkje personleg, som om dei skal knusa meg fysisk, seier Einarsson.

Sjølv tar han oppstyret rundt bloggen sin med ro, sjølv om nokon av dei som har ringt, meiner det vil vera lurt av han å låsa døra, med tanke på det han har skrive.

Han meiner at det er viktig å vera opne og kasta lys på grupper som «Borgervernet Rogaland», men vil ikkje vera med på ein debatt på premissane til Tvedt.

– Eg har stilt til offentleg debatt med innlegget mitt, men eg har ikkje tenkt å kasta meg på ein facebook-tråd der han kjem med påstander som eg må argumentera mot, det trur eg ikkje eg vil, seier Einarsson.

Han presiserer likevel at han godt kunne gått inn i ein debatt med Tvedt i andre forum.

– Det ser ut til å vera eit nazi-infisert prosjekt

Redaktøren for nettstaden humanist.no, og rådgjevar for Humanetisk forbund, Didrik Søderlind, blir overraska då han får sjå innhaldet på facebook-sida «Borgervernet Rogaland», men meiner samstundes at det er ei lita gruppe og er derfor kritisk til at gruppa får så mykje medieomtale.

Didrik Søderlind

Den kjende skeptikaren Didrik Søderlind meiner at «Borgervernet Rogaland» er ei nazi-infisert gruppe.

Foto: Arnfinn Pettersen

– Pressa skal ha søkelys på grupper som kan visa seg å vera farlege. Sidan dette ser meir og meir ut til å vera eit nazi-infisert prosjekt kan det jo vera farleg. Samstundes er det viktig at søkelyset ikkje blir eit rampelys der veldig marginale grupper får visa seg fram. Ei facebook-gruppe med 120 medlemmar er ikkje ei veldig stor greie, spesielt med tanke på at folk kan ha blitt medlemmar utan å vera klar over det sjølv.

Søderlind meiner likevel at oppgjeret Einarsson hadde med gruppa i bloggen sin er greitt, men han meiner at det ikkje er noko vits i å gå inn i debatt med Tore W. Tvedt.

– Dette er ein mann som rutinemessig nektar for det industrialiserte folkemordet på jødane under andre verdskrig, og når du kan lyga om seks millionar jødar kan du lyga om det aller meste. Dessutan er du på sett og vis med på å legitimera dei ved å gå inn i ein debatt med desse folka, seier Søderlind.

– Men er det ikkje viktig at alle får koma til orde?

– Alle skal få koma til orde, og me har ytringsfridom i Norge, denne nyttar også Tore Tvedt seg av jamleg på Facebook, på aviser sine debattsider og på eigne nettsider. Men som redaktør har ein ikkje plikt til å invitera han med på debatt, det er heller ikkje ei plikt Lars Petter Einarsson har.

Bryr seg ikkje om kritikken

Vigrid-leiar Tore W. Tvedt tar karakteristikken frå nyheitsredaktør Lars Petter Einarsson med knusande ro.

– Når fienden tar oss på alvor, viser det at me har gjort jobben vår, så det er berre moro, seier Tvedt til NRK.no

Han legg til at han sjølv og nyheitsredaktøren er «på heilt forskjellige jorde» når det gjeld synet på innvandring.

– Me er alle propagandistar for våre eigne syn, seier Tvedt.