Hopp til innhold

Ordføraren om hijab-nekt: – Heilt uakseptabelt

Ein privat sjukeheim i Stavanger nektar dei tilsette å bruke hijab. No blir styret kalla inn på teppet av kommuneleiinga.

Christine Sagen Helgø

Ordførar i Stavanger, Christine Sagen Helgø, tek avstand frå vedtaket som styret ved Blidensol sjukeheim har gjort.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Det er eit uakseptabelt vedtak. Det er ikkje eit hijab-forbod i Norge, seier ordførar i Stavanger, Christine Sagen Helgø.

I går kunne TV2 melda at tilsette ved Blidensol sjukeheim i Stavanger blir nekta å bruke hijab på jobb.

I eit styrevedtak blir dette grunngitt med at hijab er eit politisk plagg på lik linje med turban og palestinaskjerf.

To av dei tilsette har vald å melda sjukeheimen til politiet på grunn av vedtaket, melder TV2.

Ordføraren meiner forbodet ikkje høyrer heime på sjukeheimar i Stavanger.

– 22 prosent av dei som bur i Stavanger har opphav frå eit anna land. Det er vår styrke. Og eg vil berre seia at eg tek avstand frå det som Blidensol har gjort, seier Sagen Helgø.

Blir kalla inn på teppet

Sjukeheimen har driftsavtale med kommunen, og styret blir no bedt om å forklare seg for kommunen.

Kåre Reiten

Leiar for levekårsstyret i Stavanger Kåre Reiten, meiner vedtaket er uheldig.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– På sjukeheimane våre er det mange ulike nasjonalitetar. Dersom me skal byrja å sette grenser for korleis dei skal kunne kle seg, så trur eg me vil få eit stort problem. Me er ein internasjonal by som ynskjer at folk skal kunne kle seg stort sett som dei vil,seier leiar for levekårsstyret i Stavanger, Kåre Reiten.

Føler seg mindre verd

Ved Bergeland vidaregåande skule i Stavanger møter NRK helseelevar som utdannar seg til å kunne jobba ved sjukeheimar i framtida.

To av dei går sjølv med hijab, og dei er sjokkerte over på forbodet ved Blidensol.

– Eg hadde følt meg veldig diskriminert, og ikkje like mykje verd, seier Diana Usmanova.

– Eg har same kunnskapen som alle dei andre, så eg føler at eg ikkje blir sett på som lik dei andre, seier Diana Sulaimanpoor.

Diana Sulaimanpoor og Diana Usmanova

Diana Usmanova og Diana Sulaimanpoor er elevar på helsefag. Dei er sjokkerte over forbodet.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Vil bestemma sjølv

Men styret ved Blidensol gir seg ikkje, trass mange reaksjonar.

– Viss styret her på Blidensol ikkje får lov til å avgjera kva slags uniform som skal berast av dei tilsette, då rister me berre på hovudet. Det kunne ha enda med at heile staben her gjekk med hijab til slutt, seier talsperson for styret ved Blidensol, Thomas Middelthon.

Thomas Middelthon

Talsmann for styret ved Blidensol sjukeheim, Thomas Middelthon, meiner dei bør få avgjera om det skal vera eit forbod.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Kva er det som er så gale med det?

– Og det spør du om? Eg berre rister på hovudet.

Hadde funne ein annan arbeidsplass

Men elevane på Bergeland er klare i si sak, dei kan ikkje jobba på ein sjukeheim der dei ikkje får gå med hijab.

– Berre fordi eg dekker til hovudet mitt, betyr det ikkje at eg dekker til hjernen min og dei tinga eg har lært, seier Sulaimanpoor.