Hopp til innhold

Rasoffer får ikkje flytta tilbake

Det er framleis ikkje trygt for 17 personar å flytta tilbake til husa sine etter raset på Moi på nyttårsaftan. Det vil ta minimum to veker å få på plass dei nødvendige tryggingstiltaka.

Det er framleis ikkje trygt for 17 personar å flytta tilbake til husa sine etter raset på Moi på nyttårsaftan. Det vil ta minimum to veker å få på plass dei nødvendige tryggingstiltaka.

SJÅ VIDEO: Jørn Pedersen vakna til ras på nyttårsaftan.

Geologene Vidar Kvalsvik (NGI) og Eirik Traae NVE

Geologane, Eirik Traae frå NVE og (til venstre) og Vidar Kvalsvik frå NGI, har vurdert at det må ein fangvoll på plass før dei evakuerte får flytta tilbake til husa sine på Moi.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Nyttårsaftan vakna folk i Øyevollveien på Moi av eit svært jordskred som hadde ramma huset deira. 17 personar frå sju husstandar blei evakuerte, og fekk ikkje feira nyttår heime.

I dag har geologar frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Norges geotekniske institutt (NGI) vurdert forholda der raset gjekk, og dei har konkludert med at dei evakuerte ikkje får flytta tilbake med det første.

Glad for at dei sikrar

– Dette er berre positivt. Det er viktigare at dei gjer ein god jobb for å sikra bustadane, enn at me får flytta tilbake, seier Jørn Pedersen, etter konklusjonen til geologane blei kjent.

Han måtte krypa ut vindauge sitt medan garasjen blei smadra av raset. Bilen hans, ein Volvo V40, var inne i garasjen og må skrotast når dei får den ut.

– Bilen tok likevel ein god del av støyten for raset, så hadde det ikkje vore for den kunne skadane blitt større på huset, seier han.

Verken Pedersen eller dei 16 andre evakuerte får koma tilbake til husa sine før det har kome ein fangvoll mot raset. Eit arbeid dei skal gå i gang med sporenstreks.

– Beklageleg at dei ikkje får koma heim

Raset på Moi
Foto: Øystein Otterdal / NRK

Natta før raset gjekk hadde det regna så mykje som 90,5 mm. Det er framleis mykje nedbør i området og NVE har ute flaumvarsel for torsdag og fredag. Geologane som var oppe i fjellet i dag, var spesielt usikre på nokre store steinar.

– Det er nokre steinar som ligg slik til at det kan vera fare for at dei kjem i rørsle, seier Eirik Traae frå NVE.

Dei samarbeider med kommunen og NGI, og ser på moglegheita for å laga ein fangvoll, eller noko liknande nede ved husa.

Brannsjef i Lund kommune, John Skåland, var med på evakueringa. Han håper at bebuarane får koma heim så rask som råd er.

– Det er beklageleg at dei ikkje får koma tilbake, men me skal i alle fall jobba så raskt me kan for å prøva å få dette på plass, seier han.

Jørn Pedersen har det fint hos foreldra sine, og har ingen hast med å koma tilbake til huset sitt. Det viktigaste for han er at området blir trygga.

Flere nyheter fra Rogaland