Hopp til innhold

Rasar mot Ålgårdbane-utspel

SV og Arbeidarpartiet i Gjesdal meiner det blir ei avsporing å vurdera fleire trasé-alternativ for Ålgårdbanen.

Lars Helge Strand

Lars Helge Strand (SV) er ueinig med Venstre-leiaren i Rogaland som meiner fleire trasé-alternativ vil styrka sjansane for at Ålgårdbanen blir realisert.

Foto: Magnus Stokka

– Me må samla oss bak dagens trasé frå Ganddal til Ålgård. Den er billeg og kan rustast opp på kort tid, er den klåre meldinga frå SV-politikar Lars Helge Strand i Gjesdal.

Han er sterkt ueinig med Venstre-leiar i Rogaland, Kjartan Alexander Lunde, som meiner det bør vurderast fleire trasé-alternativ for Ålgårdbanen, og at dette kan styrka sjansane for at banen blir gjenopna.

Lunde er positiv til eit privat forslag om å legga banen om Bogafjell og E39, dersom dette ikkje blir for kostbart.

– Å greia ut fleire alternativ for Ålgårdbanen nå er lite gjennomtenkt og vil forseinka prosjektet i opp mot fem-seks år, seier ein opprørt Lars Helge Strand.

– Dagens alternativ det klart beste

SV i Gjesdal er blant dei som ivrar stort for å få tilbake togtrafikken på Ålgårdbanen, og har hatt ei gjenopning av banen på partiprogrammet sidan 1987.

– Men er det så veldig skadeleg å vurdera ulike alternativ for til slutt å velja det beste?

– Ja, fordi alternativet i dag er det klart beste. Alt som gjeld areal er avklart, det er rimeleg og banen kan byggast opp igjen veldig fort. Eit nytt prosjekt med nye tunnelar vil bli dyrt og ta lang tid å få på plass, meiner Strand.

Han preikar òg på at det er viktig at Rogaland er klare på kva dei vil når dei sentrale styresmaktene til sjuande og sist skal bestemma seg for om dei gir grønt lys til prosjektet.

– Kva med trafikkgrunnlaget som vil auka ved å legga banen om Bogafjell og Håbafjell?

– Det er sant, men det er òg planar om kraftig utbygging langs bybandet sør, Vagle, Foss-Eikeland og vidare sørover. Trafikkgrunnlaget vil også auka i den eksisterande traseen.

(Artikkelen held fram under biletet).

Ålgårdbanen

SV og Ap i Gjesdal er svært negative til å greia ut fleire trasé-alternativ for Ålgårdbanen. Her er dagens trasé ved Ganddal stasjon.

Foto: Ole Andreas Bø

Ap: – Ei avsporing

SV-politikarane får støtte frå gruppeleiaren i Arbeidarpartiet i Gjesdal.

– Ideen med å legga banen om Bogafjell kan høyrast grei ut, men er ei avsporing i saka. Skal det nye alternativet koma på bordet må ein starta alle prosessar på ny, kommuneplanar og alt. Det blir å hoppa tilbake i tid, meiner Tom Kalsås (Ap).

Også han påpeikar at alle krefter som vil ha Ålgårdbanen realisert bør tala med same stemme for å få nok trykk på saka.

– Det er ingen tvil om at Bogafjell ville gitt banen eit betre trafikkgrunnlag, men det blir ein heilt annan kostnad å bygga banen med ein annan trasé. Det vil bli så dyrt at prosjektet ikkje lenger er realistisk.

– Vegvesenet har også sagt at dei har utfordringar med å bygga E39 med fire felt mellom Håbafjell og Bogafjell. Det blir endå meir utfordrande med togskjener, meiner Ap-politikaren.

Han meiner ein heller bør sjå på korleis folk i Bogafjell-området kan få ein best mogleg tilgang til dagens Ålgårdbane gjennom for eksempel sykkelstiar til banen.

– Eg har all sympati med folk på Bogafjell som står i stampe i trafikken kvar dag, men eg trur ikkje Ålgårdbanen er løysinga for dei. Eg ville heller jobba for Gandsfjord bru, seier Lars Helge Strand i SV.

Vil endra trasé for Ålgårdbanen

ARKIV (16.12.2014): Frank Olsen har spelt inn eit forslag til politikarane om å endra traseen for Ålgårdbanen, slik at den går innom Bogafjell. Venstre er positive til forslaget.