Hopp til innhold

Pussar opp sjukehus for å redda byggenæringa

Regjeringa slår to fluger i ein smekk når dei no gir 200 millionar kroner ekstra til oppussing og vedlikehald i Helse Vest, med det målet å stimulera byggebransjen på Vestlandet.

Bent Høie på Akershus universitetssykehus

PUSSAR OPP: Overlege Monica Mølnvik viser Helse- og omsorgsminister Bent Høie eit mottaksrom på avdelinga for akuttpsykiatri under eit besøk til Akershus universitetssjukehus i 2013.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Helse Vest får mest pengar, fordi det er dei fylka som er hardast råka. I tillegg vil dei to sørlandsfylka og Møre og Romsdal få pengar, seier Helseminister Bent Høie (H).

Må rapportera effekten

Saman med og Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (Frp) gir han 200 millionar kroner som Helse Vest skal bruka på oppussing og nye byggeprosjekt, for å redda ei byggenæring som har blitt råka av oppseiingar og som går usikre tider i møte.

Solveig Horne (Frp)

TO FLUGER I EIN SMEKK: Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (Frp).

Foto: Meek, Tore / NTB scanpix

– På Vestlandet, og spesielt i Rogaland, har byggenæringa ei utfordring. Folk har vore redde for jobbane sine og har hatt ei usikker framtid. At staten no brukar pengar på vedlikehald av staten sine bygg, er med på å sikra at veldig mange som jobbar i byggenæringa får ei litt sikrare framtid, seier Horne.

Det er eit eittårig tilskot til helseføretaka som blir foreslått. Det vert retta mot helseføretak på Sørlandet, Vestlandet og Nordvestlandet, som er dei områda der arbeidsløysa har auka mest. Helseføretaka er også plikta til å rapportera som sysselsettingseffekten.

– Manglar ikkje på prosjekt

– Dei har store oppgåver, det er mykje vedlikehald som bør gjerast på sjukehusa på heile Vestlandet. No kan dei gjera det raskare. Me slår to fluger i ein smekk; me bidreg til å dempa veksten i arbeidsløysa og me oppgraderer offentlege bygg, seier Høie

I perioden 2002 til 2014 er det investert for 95 milliardar kroner. Dei siste to åra, samt planar for dei komande åra viser gjennomsnittlege årlege investeringar på om lag 10 milliardar kroner. Til samanlikning var gjennomsnittleg investeringsnivå på 1990-talet tre milliardar kroner årleg, opplyser Helse- og omsorgsdepartementet.

– Det manglar ikkje på prosjekt i Rogaland, seier Høie.

– Spesielt på offentlege bygg har ikkje vedlikehald vore prioritert i så stor grad som det burde ha vore, og med desse pengane vil me få fortgang i dette, held Horne fram.