– Det er viktig at presten ikkje berre blir oppfatta som ein gamal mann, seier leiar i Presteforeninga i Norge, Gunnar Mindestrømmen.
Foto: Ann-Elin WangDet er venta travle tider i Stavanger Bispedøme. Snart vil dei trenga mange nye prestar.
– Me vil få behov for å tilsetja nye prestar om fem til ti år, då er det mange prestar her som går av med pensjon, seier personalrådgjevar i Stavanger bispedøme Harald Svendsen.
- Les òg:
- Les òg:
– Viktig at presten ikkje blir oppfatta som ein gamal mann
Ein tredel av dei om lag 100 prestane i Stavanger bispedømme er 60 år eller meir. Det same gjeld i Møre og Nord-Hålogaland-bispedømme.
Landssnittet er litt lågare. Der er kvar fjerde prest i klassen 60 pluss.
Dette kan få konsekvensar for tilhøvet mellom yngre menneske i kyrkjelyden og presten, seier leiar i Presteforeninga i Norge, Gunnar Mindestrømmen.
– Det å vera prest handlar mykje om å jobba i relasjonar til menneske, seier han.
Han meiner derfor det er viktig at det finst prestar som kjenner til dei same problemstillingane, som til dømes ein småbarnsfamilie.
– Det er viktig at presten ikkje berre blir oppfatta som ein gamal mann, seier han.
Trivst i jobben
Men i Stavanger bispedømme er det tydeleg at prestane trivst i jobben.
Gjennomsnittleg pensjonsalder er mellom 66 og 67 år.
Det betyr at mange held ut til dei er 70 år før dei sluttar av.
– Dette er i alle fall eit teikn på at prestane ønskjer å arbeida her. Men dei opplever også at dei er etterspurde frå kyrkjelyden. Mange vil at presten deira skal halda fram til 70-årsalderen, seier Harald Svendsen.
Tage Emil Good Djøseland er nett ferdig med første året på teologistudiet på Misjonshøgskulen i Stavanger. Han meiner det er viktig å få inn unge prestar.
Foto: Mathias Oppedal / NRK– Ikkje bra for rekrutteringa
– For meg er det lettare å jobba med ungdomsarbeid, eller med studentar, sidan eg er i same livssituasjon sjølv, seier 20 år gamle Tage Emil Good Djøseland, som nett har avslutta første året på teologistudiet på Misjonshøgskulen i Stavanger.
Han meiner at det kan vera utfordrande å nå fram til yngre folk med ein prestestand der kvar tredje prest er over seksti.
– Dette er ikkje bra for rekrutteringa, så noko bør skje her. Det trengst yngre prestar for å halda liv i kyrkjene rundt omkring, og for at dei skal nå alle folkegrupper.
Har tru på nye tiltak
Sjølv fekk han sterke reaksjonar på utdanningsvalet hans.
– Mange blei veldig overraska, men kyrkjelyden min blei veldig glad for karrierevalet mitt.
Han trur at terskelen for å velja presteyrket hos unge kan vera høg.
– Mange tenker kanskje at ein må ha eit tidleg og sterkt kall for å gå inn i denne retninga. Og frå andre sida kan i alle fall ikkje utdanninga freista med god løn, seier han.
Han ser likevel ikkje svært mørkt på situasjonen.
– På misjonshøgskulen blir det snakka mykje om måtar me kan få inn fleire teologistudentar. Eg trur det vil koma ein del spanande tiltak ut av dette.
– Kva type tiltak?
– Mellom anna reisa rundt i kyrkjelydar og opplysa unge om yrkesvalet. Og formidla at det ikkje nødvendigvis treng å vera snakk om eit sterkt kall. Ofte blir vegen til mendan ein går, seier han.
Han meiner ein god prest ser alle i kyrkjelyden og klarar å stimulera til misjon.