– Det er veldig bra at dei har teke tak i dette og ordna opp så raskt, seier Edith Nøkling, som er regiondirektør i Forbrukarrådet i Rogaland.
Det var ho som gjekk ut og kritiserte Rogaland taxi då det blei kjent at dei tok ei krone i betaling for SMS-ar som dei sender til kundane sine ved bestilling. Normalt sett tar drosjeselskapa sjølv denne kostnaden.
- Les òg:
Kostnad på om lag 800.000 kroner
– Me har hatt nokre rundar med styresmaktene etter saka kom fram i februar, og det viser seg at praksisen ikkje er grei, derfor slutta me å ta betalt for SMS-stadfestinga på onsdag førre veke, seier administrerande direktør i Rogaland taxi, Svein Svimbil.
Dermed blir det slutt på at kunden må betala ved alle Rogaland taxi sine ti sentralar frå Haugesund i nord til Egersund i sør.
– Kva vil dette kosta for dykk?
– Det er vanskeleg å sei heilt nøyaktig, men truleg om lag 800.000 kroner i året.
Han legg til at det aldri var eit alternativ å fjerna tenesta der taxi-bestillinga blir stadfesta.
– Dette er ei utruleg bra hjelpemiddel for kundane, så det ville vore uaktuelt å fjerna tilbodet, seier Svimbil.
– Eit prinsipp
Ved Forbrukarrådet er dei på kundane sine vegne svært glade for at dette blei ordna opp i.
– Då me hadde samtalar med Svimbil forstod me at dette var noko dei trudde var greitt. Då dei forstod at det ikkje var greitt var dei svært villige til å ordna opp, så det er veldig bra, seier Nøkling.
Sjølv om det ikkje er snakk om meir enn ei krone per SMS meiner ho det handlar om prinsipp:
– I desse dagar er det svært mange som sender denne type SMS-ar til deg. Viss alle kan velta kostnaden for denne servicen over på kunden vil me mista oversikta, og beløpet kan bli stort.