Hopp til innhold

Politiet: – Ingen samanheng

Politiet ser ingen samanheng mellom dei to knivstikkingsepisodane på mottaket i Hå i helga.

En person arrestert etter knivstikking ved Hå mottak

Bilete er frå knivstikkingsepisoden ved Hå mottak på Nærbø fredag.

Foto: Magnar Larsen

Både fredag og laurdag var det knivstikking på Hå mottakssenter på Nærbø. To menn i 20-åra er tatt etter episodane.

– Det er ikkje nokon samanheng mellom dei to sakene, slår politijurist Anders Christiansen fast overfor NRK.no.

Stukken med kjøkkenkniv

Det var ein 52-åring frå Kamerun som blei frakta til sjukehus etter å ha blitt knivstukken på dagtid fredag. Etter det NRK erfarer blei det brukt ein kjøkkkenkniv i angrepet.

Ein 29-åring frå Etiopia blei arrestert og sikta same dag. 52-åringen blei lettare skada. Begge budde på mottaket.

Klokka 13 i dag er det fengslingsmøte, og der kjem politiet til å be om fire veker varetektsfengsling for 29-åringen frå Etiopia. Bakgrunnen er rømmingsfare og frykt for at bevis skal gå tapt.

Både 29-åringen og 52-åringen har vore på mottak i Norge i fire år.

– Det er eit personleg forhold mellom dei to, utan at eg vil gå noko nærare inn på dette, seier Christiansen.

Politiet veit kva som skjedde

Politiet har ikkje tatt stilling til varetektsspørsmålet i den andre saka, altså der ein 23 år gammal mann frå Somalia blei knivstukken laurdag kveld. 23-åringen blei lettare skadd.

Ein 27 år gammal mann, også han frå Somalia, er arrestert og sikta i saka.

– Spørsmålet om varetekt blir bestemt i dag eller i morgon, opplyser politijurist Christiansen.

Hå-lensmann Oddvar Tengesdal seier til NRK at politiet har eit klart bilde over kva som har skjedd.

– Men eg kan ikkje seia noko om motivet for knivstikkinga.

Leiar ved mottaket på Hå, Laila Bjorland Barrett, seier dei har møte og debrifing med dei tilsette i dag. Seinare blir det allmøte for bebuarane.