Hopp til innhold

Politiet legg vekk hundedrapssak – NOAH reagerer

Drapet på hunden Tønes i sommar vekte stor oppsikt landet rundt. Nå er politiet ferdige med etterforskinga og legg vekk saka.

Hunden Tønes

Hunden Tønes blei skoten og drepen på Hellestø på sundag 3. august.

Foto: Privat

– Saka er lagt vekk på grunn av bevisets stilling, seier politijurist Lisa-Mari Ellingsen ved Rogaland politidistrikt til NRK.no torsdag ettermiddag.

Det var i starten av august ein mann melde ein bondeson til politiet for å ha skote hunden hans på Hellestøstranda i Sola kommune. Ifølgje bondesonen var det sauar i nærleiken, og noko skal ha skjedd som gjorde at han skaut hunden i nødverje. Hunden var ikkje band.

Ingen vitne til hendinga

Siri Martinsen, NOAH

Siri Martinsen er leiar i dyrevernorganisasjonen NOAH. Ho meiner at det er hårreisande at politiet legg vekk saka.

Foto: Bente Isefjær

Saka fekk stor merksemd i media, og det blei arrangert ei minnemarkering for hunden, der meir enn tusen personar møtte opp. I tillegg fekk bondesonen fleire alvorleg trugslar for å ha drepe Tønes.

I etterforskinga har det kome fram at det ikkje er samsvar mellom forklaringane til hundeeigaren og bondesonen.

–Me har ingen vitne til sjølve hendinga, og då blir det vanskeleg for påtalesida å føra bevis for at det ikkje var nødvendig for mistenkte å handla slik han gjorde, seier Ellingsen.

Hundeeigaren har nå tre veker på seg til å klaga på at politiet legg saka vekk.

Høyr politiet og NOAH om henlegginga:

NOAH reagerer

Siri Martinsen er leiar i NOAH, som er ein organisasjon for dyr sine rettar, ho reagerer sterkt på at politiet legg vekk saka.

– Det er hårreisande at dei legg vekk ei sak der ein hund er skoten, først i foten så i magen. Uansett om dette var ein situasjon med eller utan sauer er dette heilt utanfor det som står i dyrevelferdslova, seier ho.

Martinsen meiner at det første skoten i foten uansett ville uskadeleggjort hunden, og at det andre skotet derfor burde gjort saka enkel for politiet.

– Etter første skot er dyret i ein hjelpelaus tilstand, ifølgje dyrevernlova skal ein ikkje skyta eit hjelpelaust dyr, men ein skal hjelpa det, slår ho fast.

NOAH kjem til å klaga saka inn til politiet, og dei vil oppmoda hundeeigaren til å nytta ankeretten sin.

Om lag 1000 menneske møtte opp for å vise støtte til hundeeigar Ola Stangeland, etter drapet på hunden hans Tønes.

VIDEO: Sjå video frå minnemarkeringa for hunden Tønes.