Hopp til innhold

Er du gift med Marit, Dennis eller Brit?

... då har politiet kanskje gifteringen din.

Gifteringer gjenglemt på Herkules kjøpesenter

ILLUSTRASJONSBILETE: Det er ikkje desse tre gifteringane politiet har funne.

Foto: Herkules kjøpesenter

Politiet rykka laurdag ut til ein bustad i Time kommune etter melding om bråk. Ein mann blei teken med inn til arresten i Stavanger, der han blei ransaka.

– Mannen hadde tre gifteringar på seg, som me tvilar på høyrer til han, fortel operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt avdeling Stavanger, Jøran Solheim.

Dette er gifteringar som politiet gjerne vil returnera til eigarane sine.

Laster Twitter-innhold

Så om du saknar gifteringen din og er gift med Marit, Dennis eller Brit, så vil politiet gjerne koma i kontakt med deg.