Hopp til innhold

Mann med våpen får NSB til å sjå på eigne rutinar

Litt over klokka 09 i dag fekk politiet i Stavanger inn tips om ein mann med våpen på eit lokaltog. Då var mannen alt arrestert ved Nokas på Gausel.

Politiaksjon ved Nokas-bygget

Ein 24 år gammal mann blei arrestert etter ein væpna aksjon hos Nokas på Gausel i Stavanger i dag. Tips om at ein mann med våpen var observert på eit lokaltog kom først etter arrestasjonen ved NOKAS.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Politiet hadde klokka 12.45 i dag pressekonferanse om aksjonen mot Nokas i Stavanger.

Det var litt over klokka 08 i dag tidleg tilsette hos Nokas melde frå om at ein mann dukka opp utanfor bygget med fleire våpen. Her skal han ha sagt at han skulle levera ei julegåve.

Tips om mann med våpen på toget

Meldinga utløyste ein omfattande aksjon og ein 24 år gammal mann blei seinare pågripen ved Nokas-bygget.

– Mannen hadde ikkje ammunisjon med seg, sa operasjonsleiar Sølvi Ravndal ved Rogaland politidistrikt på pressekonferansen.

Litt over klokka 09 i dag ringde ein person inn til politiet om at han hadde observert ein person med våpen på eit tog. Då tipset kom inn var 24-åringen alt arrestert ved Nokas.

– Mannen var væpna med AG3 og ein gassdriven pistol. Han er norsk statsborgar med bupæl i Rogaland, sa Ravndal på pressekonferansen.

NSB ser på rutinar

Etter hendinga skal NSB nå gå gjennom sine tryggingsrutinar.

– Det første me må gjera nå er å gå gjennom sjølve hendinga. Me vil innhenta ein rapport frå konduktøren i toget, og så vil me sjå på om det er noko me kan forbetra ut ifrå det, seier Steinar Olsen, som er trafikksikkerheit og kvalitetssjef i NSB.

Mann med våpen pågrepet ved NOKAS

SJÅ SAKA: Litt over klokka 09 i dag fekk politiet i Stavanger inn tips om ein mann med våpen på eit lokaltog

Ingen trugslar i forkant

Politiet kjenner ikkje til at personell på toget har observert ein mann med våpen. Det har heller ikkje kome inn trugslar mot Nokas i forkant av aksjonen i dag.

– 24-åringen har vore hos lege og si nå i arresten. Han bli avhøyrd i løpet av dagen. Vidare etterforsking vil visa om fleire var med på dette, seier Ravndal.

Politiet kan ikkje slå fast at det dreier seg om eit ransforsøk mo Nokas. Mannen skal ikkje direkte har truga nokon med våpenet han hadde med seg.

Nokas-ran i 2004

Kommunikasjonssjef Ådne Mauritzen ved Nokas Cash Handling seier dei sørger for å ta vare på dei tilsette. Dei har også snakka med dei som jobbar i barnehagen som ligg i nærleiken.

Dei tilsette i barnehagen blei bedne av politiet om å samla seg i nordenden av byggen mens aksjonen gjekk føre seg.

I april 2004 blei teljesentralen til Nokas i Stavanger sentrum utsett for noregshistorias største ran då gjerningsmennene kom seg unna med 57,4 millionar kroner.

Politimannen Arne Sigve Klungeland blei skoten og drepen under aksjonen.

13 menn, blant dei hovudmannen David Toska, blei dømde for ranet.

Verksemda er flytta frå Stavanger sentrum til Forus etter ranet i 2004.

Pressekonferanse om Nokas-aksjon.

VIDEO: Sjå politiet sin pressekonferanse om Nokas-aksjonen i Stavanger i dag.