Hopp til innhold

To tekne i aksjon mot menneskehandel

Med bakgrunn i varsel frå Arbeidstilsynet aksjonerte politiet laurdag kveld mot ein restaurant i Stavanger. Ein mann og ei kvinne er tekne og er sikta for menneskehandel ved tvangsarbeid. Politiet jobbar med å få oversikt over kor mange fornærma det er i saka.

Tvangsarbeid på restaurant

Det var på denne restauranten politiet aksjonerte laurdag kveld.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Karen Mork

Karen Mork er politijurist ved Rogaland politidistrikt.

Foto: ZBIGNIEW CZAPLICKI / NRK

Politiet utførte laurdag kveld ein planlagt aksjon mot ein restaurant i Stavanger. Restauranten kan vera involvert i menneskehandel.

– Me hadde ein aksjon mot ein restaurant i Stavanger, utan at eg vil gå nærmare inn på kva for ein restaurant det er snakk om, seier politijurist Karen Mork til NRK.no.

Politiet venta med å fortelja pressa om aksjonen med omsyn til etterforskinga. Mandag valde dei å informere om saka.

- Me har teke to personar, ein mann og ei kvinne, i samband med aksjonen. Dei er sikta for menneskehandel ved tvangsarbeid, seier politijurist Karen Mork.

Dei to blir framstilt for varetektsfengsling tysdag. Det er mange fornærma i saka.

- Me jobbar med å få oversikt over kor mange fornærma det er, men eg kan stadfesta at det er mange, seier Mork.

Ho vil førebels ikkje gå ut med kva restaurant det er snakk om, men seier den ligg i Stavanger sentrum.

Tips frå Arbeidstilsynet

Sundag kveld fekk NRK stadfesta at politiet var i gang med avhøyr av dei arresterte, samt vitne og fornærma i saka. Politiet held moglegheitene opne for at det kan dreia seg om eit større miljø.

Det var Arbeidstilsynet som tipsa politiet om restauranten.

Sist aksjon i slutten av november

Det er ikkje meir enn ein snau månad sidan politiet gjennomførte ein annan aksjon i Stavanger, mot prostitusjonsmiljøet i Stavanger, her var også menneskehandel eit tema, men Mork seier at det ikkje er samanheng mellom dei to aksjonane.

– Det var ein aksjon som hadde fokus på utlendingslova, så dette er ikkje ein aksjon som kjem som ei forlenging av den aksjonen, fortel Mork.

Den gong blei 17 prostituerte arresterte, dei fleste nigerianarar med opphaldsløyve i andre europeiske land. Fjorten av desse skal ha blitt sende tilbake til Frankrike, Italia, eller Spania med grunnlag i utlendingslova, sidan politiet ikkje fann grunn til å tru at dei var utsette for menneskehandel.

Dersom utanlandske prostituerte melder frå om at dei er utset for menneskehandel og vil samarbeida med politiet, får dei tilbod om amnesti og skjult identitet i Norge. Men politiet seier at dei ikkje har grunn til å tru at desse fjorten kvinnene har vore utsette for menneskehandel.