Hopp til innhold

Pass på, nå er det glatt!

Vinterens første snø har kome til Sirdal. Tipsar melder om fleire bilar med sommardekk.

Sirdal nå

Dette bilete er teke frå bilen til Bjørn Moi. Den første dagen med snø vinteren 2015/16.

Foto: Bjørn Moi

Snø i Sirdal

Dette bilete tok Åse B Andersen ikkje langt frå Tjørhom.

Foto: Åse B Andersen

– Det snør svært mykje nå. Snøen heng frå trea, seier Bjørn Moi, som køyrer i Sirdal.

Han seier at det ser ut til at snøen har kome uventa på mange bilistar.

– Eg har passert bilar som står i bakkane, som har sommardekk, folk var ute å skubba. Det er svært farleg å køyra på dårlege dekk her opp nå, fortel han.

Måtte taua bil

Det byrjar så vidt i Hunnedalen og tek seg opp innover Sirdal.

Åse B Andersen er også ute på vegen.

– Me måtte taua ein annan bil som stod fast med sommardekk. Me taua han til ein parkeringsplass, der han skulle få hjelp av nokon andre, fortel ho.

Meir i vente

Ifølgje yr.no er det meir snø i vente utover kvelden og i natt.

I morgon skriv dei at nedbøren skal koma i form av regn med temperatur mellom ei og tre grader.

Søndag melder dei på ny litt snø.