Hopp til innhold

Påskekrise for Sauda skisenter

Det er lite som minner om påskeføre i Svandalen i Sauda akkurat nå.

Sauda skisenter

REGN OG VIND: Det er nesten ikkje snø i den nedste delen i Sauda skisenter. Målet er å frakta gjestene med helikopter til fjelltrekka frå og med tysdag. Bilete er frå søndag morgon.

Foto: Webkamera/Sauda skisenter

– Vêret er forferdeleg. Det regnar og bles, seier dagleg leiar ved Sauda skisenter, Lars Reidar Fosstveit til NRK.no søndag føremiddag.

Nede i skianlegget er det knapt nok snø og Fosstveit må derfor halda stengt denne helga. Håpet er likevel at helikopterskyss skal redda stumpane av årets påske.

– Lenger oppe i fjellet er det bra med snø, og me satsar framleis på å få til helikopterskyss til gjestene våre frå og med tysdag, seier Fosstveit, som også vurderer å opna deler av trekket ut på dagen i morgon.

Målet med helikopterskyssen er at folk kan køyra ski og brett i dei to øvste heisane. Slik det er i dag går det ikkje an å renna heilt ned, noko som betyr at folk må ta beina fatt dei siste 300 metrane ned til varmestova om det blir noko av helikopterplanane.

– Kva betyr det dårlege vêret økonomisk for Sauda skisenter?

– Det er klart me merkar dette. Me ligg langt bak årets budsjett og langt bak fjoråret, seier Fosstveit.

(Artikkelen held fram under bilete.)

Sauda skisenter

29. mars 2013: Forholda i Sauda skisenter var langt betre i fjor på denne tida.

Foto: Anne-Brit Solland/Sauda skisenter

Fem meter med snø i Røldal

I Røldal er det ikkje akkurat same snømangel. Fem meter med snø på det meste gjer at anlegget har liten grunn til å klaga på akkurat det. Med også der slit dei med kraftig vind.

Det siste døgnet har det kome mellom 15 og 20 centimeter med nysnø. Men vinden gjer at me må halda dei to øvste heisane stengde, elles har me ope, seier Bjørn Ove Hagen ved Røldal skisenter.

Sterk vind også i Sirdal

I Sirdal har skitrekka tidlegare lova nok snø ut påska. Dagleg leiar ved Tjørhomfjellet, Anita Buckley, rapporterer om mellom ein til to meter med snø.

– Me har ope i Huldreheimen (tallerkentrekk og barnetrekk, jour. merk.), men me må halda stolheisen stengt i dag på grunn av vinden. Eg veit også at Ålsheia har ope i dag, seier ho til NRK.no.