Hopp til innhold

Sikta for aktlaust drap etter påkøyrsel

To personar, som gjekk i vegkanten, blei påkøyrd og mista livet på Bjergøy i Finnøy kommune, natt til søndag. Ein 24 år gamal mann frå Latvia er sikta for aktlaust drap.

Bjergøy i Finnøy kommune,
Foto: Fridtjov Furre

Klokka hadde passert midnatt, då dei to mennene i 30-åra gjekk langs vegen og blei påkøyrd av ein latvisk statsborgar på 24 år i ein personbil. Ulukka skjedde på fylkesveg 611 i Audbøsundet på Bjergøy.

Bjergøy er ei av Sjernarøyane og høyrer til i Finnøy kommune i Rogaland.

Truleg køyring i rusa tilstand

Den 24 år gamle bilføraren frå Latvia, sit i arresten og ventar på å bli avhøyrt.

Mannen er sikta for aktlaust drap.

Det er tatt blodprøve av han, som skal analyserast, men det er sterk mistanke om at han har køyrt i rusa tilstand. Det seier operasjonsleiar ved Rogaland Politidistrikt, Victor Jensen.

Søndag morgon og føremiddag undersøkjer politiet staden der ulukka skjedde, i tillegg til å avhøyre vitne.

– Det var totalt tre passasjerar i bilen, og politiet vil avhøyre dei i tillegg til meldaren av ulukka, seier politiet.

Er frå Stavanger

Dei næraste pårørande er varsla og politiet kan stadfesta at dei to omkomne er frå Stavanger. Dei skal vera i 30-åra.

– Dei næraste pårørande er alt varsla, opplyser operasjonsleiar Jensen.

Laurdag var det Fiskefestival på Bjergøy, så det var ekstra mykje folk på øya.