Hopp til innhold

Varsla om bridge-juks – bur på hemmeleg adresse

Den norske bridge-proffen Boye Brogeland (42) skuldar to tidlegare israelske lagkameratar for juks. No oppheld han seg på hemmeleg adresse. Dei to israelske spelarane avviser skuldingane.

Boye Brogeland

– Eg er sikker på at dei juksar. Eg set karrieren mi på spel med dette her, seier Brogeland.

Foto: Allan Livgård

Boye Brogeland (42) er i verdseliten i bridge, og har vunne internasjonale konkurransar i årevis. No varslar han om det som er kan bli ein av dei større skandalane i spelet på mange år. På ei nyoppretta nettside skuldar han dei to israelske spelarane, Lotan Fisher og Ron Schwartz, for juks. To spelarar han spelte på lag med i fleire år.

– Då eg spelte på lag med dei, så gjorde dei ting som ikkje stemde med min bridgelogikk. Når ein er heilt i verdstoppen, så vil ein omtrent alltid koma fram til same løysing. I spel der sjansen var 90-10, tok dei 10-prosent-sjansen, og dei vann gong på gong i slike situasjonar. Det er rein statistikk at det ikkje skal gå an, seier Brogeland til NRK.

Brogeland og dei tre andre spelarane som spelte på lag, har no tilbode seg å seia ifrå seg tre titlar dei vann med israelarane på laget.

Svarte på Facebook

Brogeland frå Moi i Rogaland er verdskjend i bridgemiljøet, og saka har fått merksemd i aviser som britiske Telegraph og The Times. Brogeland er også Dagbladet sin bridge-spaltist, som skreiv om saka søndag kveld.

Den eine av dei to israelske spelarane svara på kritikken tidlegare denne veka med følgjande melding på Facebook: «Jealousy made you sick. Get ready for a meeting with the devil»

Avviser alle skuldingar

Dei to israelske spelarane seiar i ei pressemelding måndag kveld at dei avviser alle skuldingar, og at dei har hyra advokat for å reinvaska seg.

«Fisher og Schwartz har engasjert (...) eit internasjonalt advokatteam, som vil tilbakevisa alle falske skuldingar, og blottlegga dei som har fremja desse skuldingane», skriv deira kommunikasjonsrådgjevar, Avital Sahar, i pressemeldinga.

Hemmeleg adresse

Til vanleg bur Brogeland i Flekkefjord, men no har han og familien gått i skjul på hemmeleg adresse på Sørlandet ein eller annan plass.

– Det er mykje pengar involvert i bridge, og mange sine karrierar står på spel i denne saka. Difor snakka eg med politiet for å høyra kva som var lurt å gjera. Dei hadde aldri vore borti ei liknande sak i Noreg, og det tok litt tid før eg vart teken heilt alvorleg.

– Er du redd for at noko faktisk skal skje?

– Eg føler meg ikkje trua per dags dato, men eg veit kor mange som er involvert i denne saka. Eg vil ha eit reint spel, og eg let meg ikkje stoppa om eg finn ut meir.

NRK har vore i kontakt med politiet i Agder, som førebels ikkje vil kommentera saka.

– Bevis i videoopptak

I ei stor turnering nyleg spelte han mot det israelske paret, og etter å ha sett videoopptaka frå kvartfinalen der Brogeland vart slått ut, vart han skråsikker på at han var utsett for ufint spel.

– Det var spel på spel som var heilt umoglege. Då visste eg at det var juks.

I profesjonell bridge er det skiljeveggar mellom medspelarane slik at dei ikkje skal sjå kvarandre, men Brogeland meiner dei har brukt lydar og bevegelsar for å kommunisera med kvarandre undervegs i spelet.

Styreformann i Israel Bridge Association, Gilad Ofir, skriv i ei melding på deira facebookgruppe at «for å setja ein stoppar for bølga av rykte, har leiinga bestemt seg for å setta ned eit etikkutval (...) for å undersøka dette ...»

«Brogeland er paranoid»

Ifølgje pressemeldinga ønskjer Fisher og Schwartz alle undersøkingar velkomen, og at dei er sikre på at deira uskuld vil bli bevist.

«Brogeland sine skuldingar er ikkje berre paranoide og falske, men er også frekke forsøk på å vri sanninga», skriv kommunikasjonsrådgjevar Sahar i pressemeldinga.