Hopp til innhold

Ordførar: – Eg tenker dei har kontroll

Ordførar i Preikestol-kommunen Forsand, Ole Tom Guse, meiner at folk er for raskt ute og dømmer etter å ha sett bilete av ein baby ved eit stup. Han trur dei vaksne på bilete har kontroll på situasjonen.

Ole Tom Guse om preikestolbilete

Ole Tom Guse (KrF) er ordførar i Forsand kommune. Han trur dei vaksne på bilete har kontroll på situasjonen.

Foto: Fred Sirevåg / Eirik Gjesdal

Etter bilete av ein baby som kryp like ved like ved Preikestolen kom ut i media sundag ettermiddag, har reaksjonane vore mange. På sosiale medium skriv folk mellom anna at dei vaksne, som er saman med babyen burde blitt kontakta av barnevernet.

Ordførar i Forsand, Ole Tom Guse, meiner at folk ikkje bør dra så raske konklusjonar.

– Vanskeleg å vurdera avstand

– Ein må vera litt forsiktig med å dømma ut frå det ein ser på bilete. Med tanke på perspektivet er det vanskeleg å vurdera kor stor avstanden faktisk er til kanten, seier Guse til NRK.no.

Likevel innrømmer han at han reagerte då han først såg bilete.

– Eg reagerer først og fremst som forelder, og tenker at dette ser farleg ut. Men eg tenker også at dei fleste held barna sine som noko av det mest dyrebare dei har, og dei færraste ville risikera at noko skulle skje med dei, seier han.

Derfor dreg han konklusjonen:

– Eg tenker at dei har kontroll, og vil derfor vera veldig forsiktig med å dømma. Eg kastar meg ikkje på den klaginga som skjer i sosiale medium.

– Verre å ikkje sikra barnet i bilen

Han meiner at folk som kjem med stygge meldingar til dei vaksne på bilete bør tenka seg godt om.

– Me ser ofte verre ting i det daglege, som til dømes folk som ikkje sikrar barna sine skikkeleg i bilen. Det er verre enn det eg ser på dette bilete.

– Kva råd vil du likevel gje når det kjem til fotografering ved Preikestolen?

– Generelt sett må folk vera forsiktige, og det trur eg folk også er flinke til, seier han.

Innholdet som lå her kan ikke vises.