Hopp til innhold

Ordførar fornærma folket – legg seg langflat

– Vanlege folk har ikkje sett seg like godt inn i saka som oss politikarar, sa Sauda-ordførar Frode Sulen i går. No ber han om unnskyldning.

Frode Sulen

Sauda-ordførar Frode Sulen legg seg langflat etter gårdagens utspel.

Foto: NRk

Protestane frå folk i Sauda er høglydte etter at kommunestyret gjekk inn for felles legevakt med nabokommunane.

I går kasta Sauda-ordførar Frode Sulen bensin på bålet i eit intervju som vart sendt på NRK Rogaland i går kveld.

– Jau då, me høyrer på dei. Men det er det at dei folka der har ikkje sett seg så godt inn i sakene som me som politikarar har gjort. Me har lest papir og dokumentar opp og ned og i mente, sa Sulen.

I slutten av denne videoen ordlegg ordføraren seg slik at han i dag valte å sende ut ei pressemelding.

Sauda vedtar felles legevakt

VIDEO (9.4.14): Folk i Sauda er midt sagt ueinige i vedtaket om felles legevakt i Ølen. Foto: Arne Gunnar Olsen/NRK.

Ber om unnskyldning for ordvalet

No angrar han. Utsegna frå ordføraren har vekt sterke reaksjonar frå folket i Sauda og i området rundt. Ordføraren har derfor sendt ut ei pressemelding med tittelen «Orsak – eg er lei meg».

– På slutten av intervjuet med meg, ordla eg meg dårleg og feil. Dette vil eg seie meg lei for og be om unnskyldning for, skriv Sulen.

Han fortel at han prøvde å få fram ei oppsummering av kva for ein prosess dei som folkevalde hadde stått i dei to siste åra.

– Denne prosessen saman med det som har skjedde dei siste vekene har vore grunnlaget for valet som kommunestyret gjorde i går. Eg ville få fram dette, men enda med det som blei oppfatta som ei nedsettande kommentar om andre. Eg er djupt lei meg for dette – det var ikkje meininga, skriv han.

– Ei vanskeleg sak

Sauda, Suldal, Etne og Vindafjord har vedtatt felles legevakt i Ølen. Vedtaka kjem til trass for sterke protestar både i Suldal og Sauda. Tysdag demonstrerte ein tredel av Saudas innbyggjarar mot forslaget om interkommunal legevakt.

– Denne saka har vore vanskeleg lenge. Dei siste vekene har vore prega av stort engasjement som har vore viktig og sett preg på debatten og avgjersla. Eg vil på vegne av alle folkevalde takka for engasjementet. Me treng dette, skriv Sulen.

– Eg har dei siste vekene hatt stort fokus på å gjere mitt beste for å vere ordførar for alle 4760 innbyggarar i Sauda. Det har ikkje vore enkelt. mange har vore tydelege, men mange har latt vere å gje uttrykk for kva dei meiner. Alle har vore like viktige å tenke på for meg som ordførar og folkevalt, legg han til.

Demonstrasjon i Sauda mot felles legevakt

Demonstrasjon i Sauda mot felles legevakt.

Foto: Thomas Halleland / NRK