Hopp til innhold

Mann (18) omkom i trafikkulukke

Like før midnatt sundag kveld omkom ein mann i ei trafikkulukke på Karmøy. Ingen andre personar var involverte i ulukka.

Dødsulukke på Karmøy

Ein mann omkom då han køyrde ut av Vestre Karmøyveg ved Ådland skule på Karmøy.

Foto: Kjell Bua

Det var klokka 23.47 politiet fekk melding om ein bil som hadde køyrt av vegen ved Ådland skule på Karmøy.

– Eit vitne som blei forbikøyrd av ulukkesbilen har forklart at føraren mista kontrollen på køyretøyet i samanheng med forbikøyringa. Bilen skal ha treft eit busskur og nokre betongelement, seier operasjonsleiar Torger Stødle i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Ambulansepersonell som rykka ut erklærte bilføraren for død på staden, etter mislukka forsøk på gjenoppliving. Måndag ettermiddag gjekk politiet ut i Haugesunds Avi smed at den omkomne var ein gut på 18 år.

Politiet og Vegvesenet si ulukkesgruppe har arbeidd på åstaden i natt. Det er Karmøy lensmannskontor, som etterforskar saka.