Hopp til innhold

Oljemuseet får endeleg sitt museumsmagasin

Oljemuseet i Stavanger får pengar til eit etterlengta museumslager. Det kunne Olje- og energiminister Tord Lien (Frp) røpa då han besøkte Oljemuseet i dag.

Finn Krogh og Tord Lien

TIDLEG JUL FOR OLJEMUSEET: Finn Krogh, direktør ved Norsk Oljemuseum (til venstre) og Olje- og energiminister Tord Lien (Frp)

Foto: Erik Waage / NRK

Norsk Oljemuseum fekk ei tomt gratis av kommunen i Dusavik til lager, men den har stått ubrukt sidan 2008, då dei ikkje har hatt råd til å bygga noko der. I årevis har museet søkt staten om pengar, og i dag kom det som kan seiast å vera ein positiv lekkasje i olja, nemleg ein lekkasje om pengar i statsbudsjettet.

Oljemuseet i Stavanger

NORSK OLJEMUSEUM: Ligg i sentrum av Stavanger.

Foto: Inger Johanne Stenberg / NRK

62 millionar

«Eg garanterer at Regjeringa kjem til å leggja fram forslag for Stortinget om at dette er eit prosjekt som Regjeringa ønskjer at Staten skal finansiera.»

Olje- og energiminister Tord Lien kom til Oljemuseet med beskjeden om at dei vil ta rekninga for eit nytt museumsmagasin, noko som truleg kjem til å kosta i overkant av 60 millionar kroner.

– Me skal leggja til rette for at Oljemuseet får ein ordentleg infrastruktur slik at dei kan ta vare på dei industrielle kulturminna knytt olje- og gassaktiviteten i snart 50 år.

– Så det er ikkje fordi oljealderen er ferdig at dette skal inn på museum?

– Det er på ingen måte slik at oljealderen er ferdig, snarare tvert imot. Dette tiltaket vil bidra til at me kan halda oppe kompetansen og kapasiteten i næringa inntil denne nedturen er over. Denne nedturen kjem til å bli krevjande, men den kjem til å gå over, seier Lien.

– No blir museet ferdig

– Dette set me stor pris på. Me har bedt om å få bygga dette i fem-seks år, og endeleg har staten bladd opp pengane slik at me kan gå i gang, seier Finn Krogh, direktør ved Norsk Oljemuseum.

Finn Krogh er direktør for Oljemuseet i Stavanger

LUKKELEG: Direktør Finn Krogh er glad for å få pengar til eit nytt magasin.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Søknaden dei har sendt inn lyd på 62,6 millionar kroner i 2017-prisar.

– Dette betyr at oljemuseet blir bygd ferdig. Det vart ikkje bygd heilt ferdig i 1999. Då laga med utstillingane og lokala her på Kjeringholmen, men dei eignar seg ikkje til å ta vare på store gjenstandar og til å ta vare på den industrielle kulturarven vår. Me har litt på lager rundt om kring, men det er ein lite tilfredsstillande situasjon.