Hopp til innhold

Oljekrisa skaper gründerfeber i Rogaland

Dobbelt så mange gründerar fekk støtte i Rogaland i fjor, som i 2014. Dei som misser jobben i oljebransjen er blant dei mest aktive når det gjeld å starta opp for seg sjølve.

Rune Nærland frå Innovasjon Norge fortel om oppstartutfordringar for gründarar.

Rune Nærland frå Innovasjon Norge fortel om oppstartsutfordringar for gründerar.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Veit de kva som er den viktigaste årsaka til at ein gründer mislukkast?

Kurshaldar Rune Nærland ser ut over dei om lag 20 deltakarane på seminaret i Innovasjon Norge sine lokale på Ullandhaug i Stavanger. Han får mange forslag, både om manglande finansiering og for lite pågangsmot, men ingen veit svaret.

– 75 prosent av dei som mislukkast, har satsa på eit produkt som marknaden ikkje vil ha, fortel Nærland.

Les også: Hvor er den nye olja?

Kjem frå oljå

Innovasjon Norge sine papir viser at om lag 40 prosent av dei som fekk støtte til å starte eiga verksemd i Rogaland i 2015, kom frå oljebransjen.

Ragnhild Espeland er kunderådgjevar for gründarar i Rogaland

Ragnhild Espeland er kunderådgjevar i Innovasjon Norge for gründerar i Rogaland

Foto: Anders Fehn / NRK

Les også: Mange unge tenkjer nytt og kreativt

– Dei hadde enten mista jobben eller opplevde at dei stod i fare for å gjera det, seier Ragnhild Espeland som er kunderådgjevar for dei som vil starte for seg sjølv.

Innovasjon Norge betalte ut 59 millionar kroner i oppstartshjelp i fjor. Det var opp frå 32 millionar i 2014. Og totalt var det 210 personar som fekk slik støtte i 2015.

Les også: Barn er absolutt ei hindring

Satsar på allergi-kafé

Heidi Byberg og to andre kvinner, er blant deltakarane på kurset. Dei nærmar seg nå oppstarten på ein kafé som skal servera mat som er trygg for allergikarar.

Heidi Byberg skal starte kafè med mat som allergikarar toler

Heidi Byberg skal starte kafé med mat som allergikarar toler.

Foto: Anders Fehn / NRK

Det som står att, er å finne gode og billege lokale, sentralt plassert i Stavanger sentrum. Men når det gjeld menyen og oppskriftene, så er dei klare.

– Menyen har me testa på dei som ikkje har allergiar. Det er dei som er kravstore, seier Byberg.

Når det gjeld allergikarane, så er dei vane med å tola det meste, meiner Byberg.

– Men eg har testa det på sambuaren min, blant andre, og han er kresen, seier kafègrunderen.

Mange trør feil

Blant dei om lag 20 som var til stades på oppstartsseminaret, var det ein som skulle betre tilhøva i flyktningleirar, to som var opptatt av lakselusfjerning og ein som var på gang med eit nytt produkt i oljebransjen.

Les også: Ber rike oljefolk om å satse på gründerar

Men slett ikkje alle kjem til å lukkast, slår kunderådgjevar Ragnhild Espeland fast.

– Eg vil seie at av dei som kjem vidare til trinn to, så kan 70 prosent kallast vellukka. Enten ved at dei klarer å få fart på si eiga bedrift, eller ved å selje ideen til eit anna selskap, seier Espeland.