Hopp til innhold

Oljearbeidarane ikkje redde for omstilling

Jobbkutta i oljenæringa kjem på løpande band. I løpet av eit drygt år har over 20.000 jobbar blitt vekke. No viser ein ny rapport at tilsette i oljebransjen stort sett trur det vil gå greitt å omstilla seg.

Jobbkutta i oljenæringa kjem på løpande band. I løpet av eit drygt år har over 20.000 jobbar blitt vekke. No viser ein ny rapport at tilsette i oljebransjen stort sett trur det vil gå greitt å omstilla seg.

SJÅ REPORTASJEN: Tre av fire tilsette i oljebransjen trur dei skal klara å finna seg ny jobb, dersom dei mistar jobben i oljen.

– Det er mykje snakk om framtida. Om me har jobb i morgon, om me har til jul, det er stort sett det det blir snakka om.

Kjartan Fjellstad har i 15 år jobba offshore som mekanikar i Halliburton. Sjølv i tøffe kuttrundar har han framleis oljejobb, men frykta for å mista den er der. Men dersom han mistar jobben er han trygg på at det finst jobb til han i andre næringar.

– Det vil gå greitt, sidan eg har fagbrev. Ein mekanikar kan gjera det meste innan mekanikk.

Tre av fire meiner dei kan omstilla seg

Det er fleire som tenkjer som Fjellstad. Ein ny rapport viser at tre av fire tilsette i oljebransjen trur dei kan omstilla seg til andre næringar dersom jobben i olja forsvinn.

– Undersøkinga viser at det er ein stor del som reknar denne kompetansen som relevant i andre samanhengar og bransjar i både offentleg og privat sektor, seier forskar Markus Steen i SINTEF, som står bak rapporten.

Oljearbeidar på Statfjord B

Oljearbeidar på Statfjord B

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det er ein utruleg variert bransje som sysselset mange ulike typar folk. Sveisarar, elektrikarar, mekanikarar og så vidare. Me har eit veldig høgt kompetansenivå i Noreg, som gjer at me er godt rusta til å utvikla dei næringa me har, og til å utvikla nye, seier Steen.

Rapporten peikar på at det er mange vegar inn i olje og gass, men dei tilsette ser også mange vegar ut.

– Det som utmerker seg der er anna industri. Det er teknisk tenesteyting, undervisning og andre bransjar der det er behov for liknande kompetanse, seier Sintef-forskaren.

– Viktig kompetanse i det grøne skiljet

– Det er veldig gode nyheiter når me snakkar om det grøne skiljet og omstilling, men det er ikkje nok, seier Marte Gerhardsen, leiar i tankesmia Agenda.

Ho er opptatt av at kompetansen frå Nordsjøen må utnyttast til nye arbeidsplassar.

– Me er nøydde til å ha ein aktiv næringspolitikk og ein aktiv klimapolitikk som sørgjer for at me får innovasjon, teknologiutvikling og nye arbeidsplassar. Då får me brukt den kompetansen og erfaringa alle desse fagarbeidarane har.

– Kva konkret etterlyser du?

– At me i mykje større grad må sjå på klimapolitikk og næringspolitikk saman. Til no har me sett på det som to forskjellige ting. Me må ha ein klimapolitikk som driv teknologiutvikling og innovasjon, og som skapar arbeidsplassar. Me må ta i bruk den store kompetansen og erfaringa dei som jobbar med dette har, slik at me kan byggja på det når me skal inn i det grøne skiftet, seier Gerhardsen.

Flere nyheter fra Rogaland