Hopp til innhold

Oilers la press på Vålerenga

Stavanger Oilers vann sin nest siste kamp i eliteserien i ishockey og legg dermed press på gullrival Vålerenga.

Oilers - Sparta

Oilers slo Sparta 3–0 laurdag kveld.

Foto: Kristoffer Møllevik

Martin Strandfeldt opna skåringskontoen for Oilers heime mot Sparta Sarpsborg 16 minutt ut i første periode.

Andre periode blei mållaus. Sju minutt ut i tredje periode la Dan Kissel på til 2-0, før Mathias Trettenes sette spikaren i kista med 3–0 knappe to minutt før slutt.

– Solid og god kamp

Oilers innkasserte dermed tre svært viktige poeng i kampen om seriemeisterskapet.

– Me spelte ein veldig solid og god hockeykamp. Me var gode defensivt, jobba som eit lag og vann fortent 3-0, konkluderer trenar Petter Thoresen etter kampen.

Oilers leiar nå tabellen med fire poeng ned til Vålerenga. Enga har derimot ein kamp mindre spelt og møter formsvake Frisk Asker i morgon.

Taper Vålerenga den kampen, er Oilers serievinnarar alt denne helga.

Kan bli seriefinale på tysdag

Oilers møter Vålerenga i Jordal Amfi tysdag (siste seriekamp). Det kan dermed bli ein rein seriefinale om Vålerenga får med seg poeng i morgon.

– Dersom me spelar like bra som i dag, kan me fort vinna på Jordal, seier ein offensiv Thoresen, som har god tru på at Oilers vinn årets serie.

Petter Thoresen om Oilers-Sparta.

Oilers-trenar Petter Thoresen om kampen.