– Det gamle kraftverket er gammalt og modent for opprusting, seier Bjørn Honningsvåg, administrerande direktør i Lyse produksjon.
Kraftverket inst i Lysefjorden var Norges største då det gradvis blei sett i drift i perioden 1953 til 1964 og er Lyse sitt største heileigde kraftverk.
– Me har nå valt å bygga heilt nytt. Då vil me få mykje meir energi ut av dei same vassressursane, forklarer Honningsvåg.
1,8 milliardar
Våren 2018 skal kraftverket Lysebotn 2 vera klar for produksjon. Då skal kapasiteten vera oppe i straumforbruket til 75.000 husstandar (ein produksjon på 1500 GWh årleg). Prislappen er 1,8 milliardar kroner.
Dette blir eit av landets største vasskraftprosjekt, og det har møtt liten motstand.
– Prosjektet var enkelt å få gjennom konsesjonssystemet. Det er eit uttrykk for at det er eit miljømessig godt prosjekt, seier Honningsvåg.
Inntekter til eigarkommunane
Han meiner kraftutbygginga er godt nytt også for Lyse sine 16 eigarkommunar.
– Me meiner dette er vel brukte pengar. Dette vil sikra verdiskaping i Lyse dei kommande tiåra, og vera eit godt utgangspunkt for å sikra stabile inntekter til våre eigarkommunar.
Utbygginga inne i fjellet fører også til at det blir ein del stein til overs. Den skal bli brukt til eit ny småbåthamn i Lysebotn – etter ønske frå lokalsamfunnet.