Hopp til innhold

Sinte bønder varslar traktorsjokk på Bryne

Traktorkolonne og bålbrenning. Bondelaget har nye aksjonsplanar i Rogaland i dag.

Bondeaksjon Hå

Bønder frå Hå nekta representantane frå Frp og Høgre mat på kommunestyremøtet i går kveld. I dag varslar bondelaget nye aksjonar.

Foto: Hanne Høyland

– Me må bruka dei midlane me har til å aksjonera, seier Arne Berge, leiar i Time Bondelag til NRK.no

Onsdag vil bønder på Jæren køyra til Bryne sentrum med traktorane sine for å protestera etter brotet i jordbruksforhandlingane i går.

– Det blir meir transport på vegane med storlandbruket landbruksminister Listhaug legg opp til. Med aksjonen i dag får folk på Bryne sjå korleis det blir, seier Berge.

Bålmarkeringar

Bøndene er i harnisk over det dei meiner er eit historisk dårleg tilbod frå staten i årets jordbruksoppgjer. I går aksjonerte bøndene ved å nekta Hå-politikarane frå regjeringspartia Høgre og Frp mat under kommunestyremøtet.

Det var også protestmarkeringar og kolonnekøyring ved Krossmoen på E39 i går kveld. Seinare i dag blir det bålmarkeringar i regi av dei sinte bøndene.

– Før tende folk bål på vardar og andre stader for å varsla om fare. Det er litt av grunnen til at me brenn bål i ettermiddag frå klokka 13 og utover, seier Berge.

– Men er det ikkje storbøndene på Jæren Listhaug vil satsa på?

– Dei storbøndene Listhaug snakkar om, er så enormt store. Det er berre nokre få slike på Jæren i dag. I det siste har mange bruk utvikla seg og dobla seg. Mange har lagt inn mykje kapital, og då er det svært leit å få beskjed om at du er for liten.

Aksjonar på Haugalandet

Også bøndene på Haugalandet varslar aksjonar i dag.

Ved NAV-kontoret i Sandeid i Vindafjord blir det mellom anna ei markering. Bodskapen frå bøndene er at tilbodet i jordbruksoppgjeret er så dårleg at mange i næringa vil sjå seg nøydde til å søka ny jobb.

– Vil det bli fleire aksjonar i Rogaland dei nærmaste dagane, Berge?

– Ein må nok rekna med at det skjer ting framover. Akkurat kva det blir, må ein venta å sjå, seier han.

Bøndene i Hå kommune har møtt opp til kommunestyremøtet i Hå for å protestere mot bruddet i jordbruksforhandlingene. De nektet representantene fra Høyre og Frp å gå opp i matsalen i pausen.

ARKIV, 13.04.2014: Bønder frå Hå nekta Høgre og Frp-representantane mat på kommunestyremøte i går kveld.