Hopp til innhold

– Jæren har fått for lite igjen for pengane

Fylkesordføraren erkjenner at jærkommunane har kome skeivt ut i fordelinga av bompengar. I 2017 kan det vera slutt på at dei betalar til same pott som Nord-Jæren.

Bompenger

Ordførarane på Jæren vil ikkje lenger betala for vegprosjekt nordover. Derfor jobbar dei no med å få på plass ein eigen bompakke.

Foto: NRK

– Det har skjedd ein vekst på Jæren som me politikarar ikkje har teke nok innover oss, seier fylkesordførar Janne Johnsen.

I dag betalar bilistar på Jæren og Nord-Jæren til same bompakke. No jobbar fleire med å skilja dei to, slik at dei finansierer seg sjølve. Ordførar i Klepp, Ane Mari Braut Nese, meiner at det er på tide.

Janne Johnsen

Janne Johnsen.

Foto: Odd Rune Kyllingstad

– Ein jærbu betalar i snitt meir i bompengar enn ein bilist i Stavanger. Samstundes er folk på Jæren med på å finansiera vegar i for eksempel Forus-området. Det er dette me nå vil endra, seier Nese.

Miljøprofil i neste bompengeperiode

Ane Mari Braut Nese

Ane Mari Braut Nese.

Foto: Mari Rollag Evensen / NRK

I Jærenpakke 2, som er ei vidareføring av dagens bomring, låg det i starten ikkje inne nokre samferdsleprosjekt for Jæren. Hovudsatsinga blir på kollektivtrafikken, og 70 prosent av pengane skal gå til dette, for å sikra ekstra pengar frå staten.

– Me skal fokusera på grøne løysningar i Stavanger-regionen, men på Jæren gjeld ikkje dei same klimamåla, sidan folk ikkje bur så tett. Difor er det ikkje rett at dei skal betala for dette. Jæren har fått for lite igjen for pengane til no, men det vil me bøta på med å seia at me delar bompakkane, seier fylkesordføraren.

– I dag får jærbuen liten direkte glede av bompengane dei betalar. Unntaket er Klepptunnelen, som me er svært nøgde med. Men utover det går det meste til Stavanger-regionen, og slik kan det ikkje vera, seier Nese.

Meir bompengar for jærbuar

Nyleg hadde styringsgruppa som jobbar med dette møte om saka, der ordførarane er med. No vil dei sende forslaget ut på høyring til dei aktuelle kommunane innan sommaren.

– Eg er spent på kva dei seier, og håper òg dei vil koma med nokre innspel til korleis dette kan gjerast, seier Klepp-ordføraren.

Førebels er ingenting bestemt rundt kvar dei nye bomstasjonane eventuelt skal settast opp på Jæren, eller kor mange det blir. Men det kan fort bety dyrare køyreturar for jærbuen.

Reinert Kverneland

Reinert Kverneland.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Det er ingen som likar bompengar, ikkje eg heller. Men samstundes treng me nye vegar. Eg håper innbyggarane lettare er med på dette, sidan pengane faktisk går til lokale vegprosjekt, seier ordførar i Time, Reinert Kverneland.

Tek tid før nye bomstasjonar er på plass

Det er Stortinget som endeleg skal vedta den nye Jærenpakke 2. Politikarane har kome langt i planlegginga av Bypakken for Nord-Jæren, og den skal etter planen gjelda frå 1.1. 2017.

Dersom det blir ei eiga pakke for Jæren, vil ikkje denne vera klar til då. Både kommunar, ekspertar og fylket skal først seia sitt. Så tek planlegginga til.

– Målet er at den blir klar innan eitt år etter vedtaket. Det er likevel viktig at den blir nemnt i fråsegna frå Stortinget, slik at me veit at dette kan koma på plass, seier Kverneland.

Klepp-ordførar Ane Mari Braut Nese håper dette går etter planen, slik at utbygginga kan koma i gang.

– Det er eit stort behov for utbetringar av vegar på Jæren. No kan me få pengar til å ordna opp i dette, seier ho.