Hopp til innhold

Nye aksjonar mot rasisme og nazisme

Nye SOS Rasisme i Stavanger aksjonerer i dag mot Borgarvernet Rogaland som i mars delte ut løpesetlar med åtvaringar mot asylmottak og innvandring i Sandnes.

SOS-rasisme aksjonerer

Nye SOS Rasisme i Stavanger aksjonerer i dag mot Borgarvernet Rogaland.

– Me gjer dette fordi me vil gjera det klart kva Nordfront og Borgarvernet står for. Det er folk som erklærer seg som nazistar og nasjonalsosialistar, og som er ute etter å spreia frykt og hat mot innvandrarar og flyktningar i distriktet. Det ønsker me å stansa, seier leiar i Nye SOS Rasisme i Stavanger, Nina Narvestad.

Det var i mars i år Borgarvernet Rogaland, med Øystein Vaule i spissen, delte ut 2000 flygeblad med sterke åtvaringar mot asylmottak og innvandring. Det fekk naboar til å reagera kraftig.

– Dette handlar om framtida, korleis våre barn skal leva. Så me går så langt me må gå, sa Øystein Vaule til NRK i mars, ein av grunnleggarane av Borgarvernet Rogaland.

Deler ut opp mot 2000 løpesetlar

Nina Narvestad

Nina Narvestad, Nye SOS Rasisme i Stavanger.

Foto: Ole Andreas Bø

I mars melde Nye SOS Rasisime Borgarvernet til politiet for rasisme, men dei la vekk saka i slutten av juni på grunn av manglande bevis.

Seinare i månaden blei det bråk då Vaule i Borgarvernet blei invitert til ein rasismedebatt på kulturhuset Sølvberget i Stavanger, og 1. april deltok rundt 40 personar i ein demonstrasjon mot rasisme og nynazisme i Sandnes.

Laurdag skal altså SOS Rasisme protestera mot Borgarvernet ved å dela ut mellom 1000–2000 løpesetlar i postkassane til folk i Oltedal, Ganddal og Sandnes.

– Men Borgarvernet delte ut sine løpesetlar i mars. Kvifor kjem de med ein motreaksjon nå – i august?

Øystein Vaule

Øystein Vaule, Borgarvernet Rogaland.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Fordi meir ser at dei rekrutterer fleire medlemmer, og fordi me ønsker å retta fokus på deira aktivitet og kva dei står for. Dei har også laga eigne nettsider, seier Narvestad.

Varslar fleire demonstrasjonar

Ho hevdar også at Borgarvernet har fått auka sjølvtillit etter debatten på Sølvberget, og meiner framleis det var eit stor feilgrep å sleppa organisasjonen til orde i debatten.

– Blir det fleire demonstrasjonar framover?

– Ja, me kjem til å ha mykje fokus på dette framover og har planar om kampanjar og demonstrasjonar. I dag ventar me oss positive reaksjonar på aksjonen vår.

Det har ikkje lukkast NRK å koma i kontakt med Borgarvernet Rogaland laurdag.