Hopp til innhold

Her er den nye ordførarkandidaten til Stavanger Frp

Haugesundaren Tore B. Kallevig tar nå over ordførarkandidaturet som Trond Birkedal for ei veke sidan sa frå seg. Dette blei avgjort etter at Sissel Stenberg trakk seg som kandidat under kveldens nominasjonsmøte.

Video Klar for topp-plassen i Stavanger Frp

Sjå video med Tore B. Kallevig frå før nominasjonsmøtet.

Sissel Stenberg

Sissel Stenberg trakk seg som kandidat under kveldens nominasjonsmøte i Stavanger Frp.

Foto: NRK

84 partimedlem møtte i dag opp for å stemma på ny ordførarkandidat på Victoria hotell i Stavanger.

Dei to kandidatane dei skulle stemma på var Sissel Stenberg og Tore B. Kallevig.

Men då Sissel Stenberg skulle presentera seg, gjorde ho det heller klart at ho trakk seg som kandidat, dermed er det duka for Tore B. Kallevig som Stavanger Frp sin nye ordførarkandidat.

Sjefflygeleiar

Under førre nominasjonsmøte trakk Tore B. Kallevig seg sidan han ikkje fekk ein sikker plass på lista.

Nå er sjefflygeleiaren klar for partiarbeid på heiltid:

– Nå må me sørgja for at Frp gjer eit godt val til hausten, slik at me blir ein del av dei som tar ansvar og styrer denne byen, seier Tore B Kallevig.

Måtte finna ny kandidat

Då det førre måndag blei kjend at den tidlegare ordførarkandidaten til Frp Stavanger, Trond Birkedal trakk seg frå alle verv i Frp, måtte arbeidet med å finna ein ny ordførarkandidat setjast i gang. Dei hadde då berre ni dagar på seg.

Under eit krisemøte på tysdagen blei det avgjort at det ville bli eit nytt nominasjonsmøte i lokallaget.

Tore B. Kallevig

Tore B. Kallevig blir hylla under kveldens nominasjonsmøte i Stavanger Frp. Talet på frammøtte var noko færre enn under det førre nominasjonsmøtet i november i fjor. Til høgre i bilete klappar Sissel Stenberg.

Foto: Ståle Frafjord / NRK

Dermed blei det opna for at det ikkje nødvendigvis var Sissel Stenberg som skulle bli den nye ordførarkandidaten, det var ho som var var nummer to på den tidlegare lista.

For berre nokre månadar sidan var det strid i partiet om Stenberg eller Trond Birkedal skulle stå som ordførarkandidat før valet i haust.

Tidlegare strid

Nominasjonskomiteen gjekk inn for Sissel Stenberg, men partiet vraka innstillinga til komiteen og gjekk inn for Birkedal.

Årsaka til at Birkedal trakk seg var at han var under politietterforsking. I dag er han sikta for å ha hatt seksuell omgang med ein mindreårig gut og for å ha filma uvitande gjester nakne i sitt eige boblebad.

Dette har prega partiet og Tore B. Kallevig sjølv seier han:

Birkedal vant nominasjonskampen mot Stenberg

Dette bilete blei teke før det førre nominasjonsmøtet til Stavanger Frp. Då Stod kampen mellom Trond Birkedal og Sissel Stenberg.

Foto: Zbigniew Czaplicki / Nrk

Lukka forum

– Dette er definitivt den mest dramatiske hendinga som har funne stad i lokallaget si historie. Det gjer noko med oss alle, me har jobba tett saman i team under Birkedal si leiing, seier Kallevig.

I førekant av kveldens nominasjonsmøte blei det også haldt eit lukka forum for Frp-politikarane som hadde møtt opp.

– Dette er dersom folk har spørsmål, eller noko dei vil seia i forhold til Birkedal-saka, sa Marit Amundsen som er leiar i lokallagsstyret før møtet.